Det er nok mange lokalpolitikarar som er idealistar og verkeleg ønskjer å gjere livet betre for så mange dei kan. Men det er dessverre ikkje slik at ein kan ause ut til alle gode føremål. Det må til dels harde prioriteringar til. Spenninga no er kva som blir prioritert. Er du ein nyvald politikar som lurer på kva du vil prioritere høgast?

Vi som står i arbeid i skule og barnehage år etter år – lurer du på kva vi vil meiner?

Vi i Utdanningsforbundet ønskjer å rekruttere og halde på dyktige leiarar. Då må vi vere konkurransedyktige på leiarløn.

Vi arbeider mot kommersialisering av barnehagar. Midlane skal i størst mogeleg grad gå til barna. Vi ønskjer å gje elevane rett til ein kvalifiserte lærarar i skule og barnehage. Ein lærar skal kunne velje metode, variere og utvikle pedagogiske opplegg tilpassa elevane, vurdere, organisere og handtere etiske dilemma – mellom anna.

Det er ikkje tannlegesekretæren som trekker tenner. Det bør heller ikkje vere «lærar utan godkjent utdanning» som får jobbe som lærar. Vi ønskjer gode mentorordningar i skule og barnehage som kan rettleie nyutdanna lærarar i ein kompleks kvardag. Dette kan vere eit ledd i å halde på engasjerte lærarar når ein ser at av 100 lærarar, er det berre 40 som underviser etter 5 år.

Så – no ventar vi i spenning på å sjå kva politikarane vil prioritere.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!