Lesarinnlegg:

«ROR er ute og ror»

Lesarinnlegg om Møreaksen og Romsdalsaksen.

Artikkelforfattaren meiner innlegget om Møreaksen berre fortel halve sanninga.  Foto: Illustrasjon: Statens vegvesen FOTO: OIVIND LEREN

Meninger

Styreleiar Torgeir Dahl og dagleg leiar Alf Reistad i Romsdal Regionråd (ROR) har eit innlegg i Sunnmørsposten den 16. september om Møreaksen. I denne omgang skal eg la liggje den interessante historia om opphavet og framveksten av det som til slutt vart Møreaksen, men berre gå inn på premissane til Dahl og Reistad.

Dei forsøker å overtyde oss om at Møreaksen er snarvegen for folk flest. Som vanleg ser dei dette frå Molde. Og som vanleg ser dei heilt bort ifrå at det er noko som heiter E6, som dei fleste andre Møreaksen-tilhengjarane. Kvifor gjer dei det? Sjølvsagt for at dei då ikkje klarer å grunngi at «Møreaksen er snarveien for folk flest.» Det er ikkje første gong dette skjer. Dette er det vanlege.


Med Romsdalsaksen blir det etablert heildøgns samband frå Nordmøre og Romsdal til Åndalsnes og E6, som blir vesentleg kortare enn via Møreaksen for nesten alle. Er dette uvesentleg eller irrelevant? Er kortaste veg til «Eksportvegen» ikkje verd å nemne?

Men la oss sjå på ei anna påstand: «For dem som kommer østfra mot Molde og skal videre mot Sunnmøre, blir kjøretiden tilnærmet lik om man velger Møreaksen eller en eventuell trasé over Sekken.» Nei, det er ikkje nok at Møreaksen blir realisert. Det er også nødvendig at ein ny veg mellom Vik og Fremstedal (Ørskogfjellet) vert bygd. Inntil dette skjer, blir Møreaksen ein endå mykje lenger omveg for dei som skal denne vegen. Og då smuldrar også argumentet om bu- og arbeidsmarknadsregion bort.


Kvifor nemner de ingenting om dette? De fortel berre halve sanninga på dette området og. Må eg minne dykk om at Møreaksen er bru, veg og undersjøisk tunnel mellom Julbøen og Vik? Men uansett om Vik-Fremstedal blir bygd, så vil Møreaksen aldri kunne bli like kort som Romsdalsaksen mellom t.d. Nordmøre og Sunnmøre, eller mellom det planlagde sjukehuset på Hjelset og Ålesund sjukehus.


Til slutt viser eg til dei ca. 20 grunnane til at Romsdalsaksen bør utgreiast, som eg fleire gonger har skrive om i fylket sine største aviser.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!