Kronikk:

Det likekjønna ekteskapet, i kyrkja og i samfunnet

Der har alltid vore ei spenning melom tru og fornuft. I dag står fornuften sterkt.

HOMOFILI: – Har ein sagt ja til likekjønna ekteskap, har ein også eliminert omsynet til borns rettar, meiner Ingebrigt Austnes, tidl.kapellan i Spjelkavik.   Foto: ARKIVFOTO

Meninger

Samfunnet vårt er bygd på rasjonalitet, på vitskap og teknikk. Derfor har vi også blitt vande med at fornufta må kunne kritisere og korrigere religiøs tru. Fornufta står trass alt høgst!

Nyordninga med det likekjønna ekteskapet er også ein reaksjon på eit religiøst grunngitt monogami, som dessutan hindrar seksuell utfalding i ordna former for dei homofile. Men i kyrkja skaper denne nye læra stor strid og uro. Først og fremst fordi dei som har kjempa fram dette, ikkje kan grunngi nyordninga i Skrifta. Og for den kristne kyrkja, ikkje minst den lutherske, er det svær dramatisk. For kyrkja, som bygg si lære og sin praksis på guddommelege sanningar, blir rokka i sine grunnvollar når det blir innført ei lære som ikkje kviler på dette fundament. Men kyrkjemøtet har gjort dette vedtaket, og har overlate til lokalkyrkja å takle denne vanskelege situasjonen.

No er det heldigvis slutt på den tida då lensmannen sette folk i gapestokken fordi dei ikkje gjekk til kyrkje. I vår pluralistiske samfunn må folk ha fridom til å leve liva sine som dei vil, også når det gjeld sin seksualitet. Likevel er det grunn til å spørje: er det likekjønna ekteskapet berre eit problem for kyrkja? Er det ei ordning som er basert på fornufta? Det monogame ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne er i alle fall i samsvar med biologien. Og biologi høyrer til det rasjonelle, for biologisk slektskap kan bevisast ved ein DNA-test. I det monogame ekteskapet er biologien på plass! Det monogame ekteskapet er eit fellesskap som er livskraftig- det har evne til å skape liv. Det trengst ikkje hjelp utanfrå. Genar og arv, slektsidentitet-alt dette er på plass ved det monogame ekteskapet. Tore på sporet veit kvar han skal reise for å finne slektsrøtene. Det monogame ekteskapet er kort sagt ei urcelle som strukturerer heile samfunnet, med biologi og juss som basis. Det å løyse opp denne urcella, og skilje biologi og juss, det må vere eit av dei største sosiale og psykologiske eksperiment som er blitt gjennomført i vår sivilisasjon.

Nei, det likekjønna forholdet er ikkje bygd på rasjonalitet, men på ideologi. Skilnaden på monogamiet og det likekjønna ekteskapet er ikkje eit spørsmål om tru eller fornuft, men om ulik ideologi. Denne ideologien definerer også det likekjønna ekteskapet som ein sosial kontrakt, og ikkje noko meir.

I Danmark går det føre seg ei rettssak som er illustrer dette. Ei «med-mor» til eit barn i eit lesbisk forhold nektar å vere dette lengre fordi det lesbiske forholdet er avslutta. Dersom ho får medhald i retten, viser dette at ei med-mor er svært lite verdt. «Farsfunksjonen» er då redusert til ei sjølvvald og tidsbestemt rolle som vedkomande kan gå ut av når ho vil. Men ein far kan ikkje nekte å vere far, han er knytt til dei juridiske forpliktingane ved eit biologisk faktum som kan bevisast ved ein vitskapleg test. Dette viser at det samkjønna ekteskapet meir kan karakteriserast som ein sosial kontrakt enn som ein institusjon. Fordi forbindelsen til det biologiske, til naturen, er broten, vil perspektivet bli mindre. Den sosiale konteksten vert innskrenka, og forholdet blir meir privat. Dei to som utgjer forholdet blir ståande åleine, samanlikna med det biologisk funderte ekteskapet der born og slekt og arv dannar ein djupare basis for forholdet.

Barns rettar er eit anna eksempel på det same. Etter Barnekonvensjonen, (Barnekonvensjonen må vel betraktast som noko som høyrer fornufta til?) som Noreg har underskrive, har alle born rett til ei mor og ein far. Ein hærverande psykolog stiller føljande spørsmål til ein prest i eit Pride-tog(!) «Men kva med bornas rettar?» Ho får til svar: nei, det spørsmålet får vi kome tilbake til. Nei, so enkelt er det ikkje. Det ville vere som å gå til havs med eit cruiseskip og argumentere overfor passasjerane med at livbåtar og slikt, det ordnar vi når vi kjem til lands igjen! For har ein sagt ja til likekjønna ekteskap, har ein også eliminert omsynet til borns rettar. Born er nødvendigvis definert ut av forholdet, eller definert "på sida" av forholdet. Rett nok kan eit likekjønna par skaffe born på eit eller anna vis, men dette barnet manglar det ein kan kalla ein «integrert biologisk relasjon» til paret.

Kva ideologi bygg så det likekjønna ekteskapet på? Det bygg på ein fridoms-ideologi som seier at seksualitet ikkje skal ha grenser. Og les ein målet for Pride-bevegelsen (FRI) er denne tankegangen uttrykt langt tydlegare: målet er eit samfunn der det er grenselaus fridom for all seksuell utfalding i alle tenkjelege former (Det bør alle tenkje på som går i Pride-tog!) Er det fornuftig? Kan denne ordninga bevisast som god/fornuftig ordning? Sjølvsagt ikkje.

Ein må skjøne at ikkje alt som er ikkje-religiøst er i samsvar med fornufta. Og heller ikkje alt religiøst er mot fornufta. Snarare tvert om. Slik ser det i alle fall ut i denne saka. Kyrkja bør ha større omsorg og respekt for homofile, det er ingen tvil om. Men den løysinga som er valt av kyrkja si toppleiing, det likekjønna ekteskapet, er korkje teologisk eller fornuftsmessig basert, men det kviler på ein ideologi som korkje er kristeleg eller fornuftig.

Er du for polygamiet? Er det sunt og godt og bra at ein kan skifte kjønn ettersom ein opplever seg som gut eller jente? Kva seier psykologar og sosiologar til slike ordningar? Kva med unge sin kjønnsidentitet? Facebook innfører 56 kjønnsdefinisjonar i 2015, no er det sagt at talet er 71!

Dette bør ein tenkje over før ein heiser Prideflagget og begir seg i tog i bygd og by? Og sokneråd og «vanleg truande» bør vere medvetne om at dette er ein djup teologisk krise og ein ideologisk kamp, slik at ein ikkje forfell til ein overflatisk og misvisande ordbruk om «vanskelege prestar» og liknande når denne djupe krisa dukkar opp i ein lokalkyrkjelyd.