Svar på innlegget til Marit Hovland Smedholen i Sunnmørsposten 12.10.19

Lyden av ein sildrande bekk, fuglesong og summande insekt, kjensla av sol, vind og regn i ansiktet, lukta av lyng, snøfnugg på tunga, utsyn over fjell og fjord, den friske lufta. Å vere i naturen, ikkje tilskodar. Å sanse stillheit og ro, uforstyrra av lys og lydar som ikkje er naturens eigne: Kva er verdien av det?

Eg unner alle gledene ved friluftsliv. Tilrettelegging og motivering til friluftsliv er mandatet til Sunnmøre friluftsråd. Vi vil inspirere til, og gjere det lett og attraktivt for folk å kome seg ut. Universell utforming er sjølvsagt så langt som råd for toalett, stiar, bålplassar, flytebrygger og andre tilretteleggingstiltak vi har ansvar for. Dei fleste av tilboda våre er gratis og opne for alle som vil og kan bruke dei.

Dessverre gjeld ikkje det alle. Uansett tilretteleggingstiltak vil det alltid vere nokon som er lenka til senga eller av andre grunnar ikkje kan nyte friluftslivet. Men målet til friluftsrådet er at alle som er i stand til å kome seg ut skal ha tilgang til turar og friluftsområde dei har glede av.

Graden av tilrettelegging minkar med aukande avstand til tettbygde område. All natur kan aldri bli tilgjengeleg for alle. Også funksjonsfriske må vurdere tur etter evne.

Med gondolbane til Rundehornet på Sulafjellet, vil denne toppen bli tilgjengeleg for fleire enn i dag, anten dei er cruiseturistar, andre tilreisande eller fastbuande. Mange vil bli glade for det. Mange vil også bli glade for ein eventuell kafé der, skitrekk ovanfor Rollonhytta, lysmaster, høg musikk, trakkemaskiner, snøkanoner og oppkøyrde skiløyper utover mot Eltrane. Om nokre år blir det kanskje også råd å ta heis til Fjellstua i Ålesund og til Nesaksla i Åndalsnes, i tillegg til gondolen i Loen og på Strandafjellet.

All utbygging og tilrettelegging inneber vinning og tap. Omsyn må vegast mot kvarandre. For å avgjere kva ein skal verne om og ta vare på, og kva som kan ofrast, er det nødvendig å vite kva ein har. Kva er verdien av Sulafjellet for alle dei som brukar det som tur- og rekreasjonsområde i dag? Finst det andre måtar å gjere fjellet tilgjengeleg på for fleire enn store naturinngrep? Kva er verdien av å IKKJE bygge ut?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!