I det eine lesarinnlegget etter det andre i Sunnmørsposten kan vi lese at det er mange bokmålsbrukarar i noverande Ålesund kommune. Det er sikkert rett, men det trengst litt presisering.

Sjølv har eg arbeidt i over 30 år i norsk skuleverk og har brukt ein heil del bokmål. På ein ungdomsskule der eg var lærar og rektor i 8 år, hadde vi både nynorskklasser og bokmålsklasser. Det hende ofte at eg gjekk frå det eine klasserommet til det andre og skifte skriftspråk på vegen. Dette var ein del av arbeidet mitt, og det har aldri falle meg inn at nokon skulle gå rundt og synast synd på meg av den grunn.

No er det nokon som synest at nokre tilsette i nye Ålesund kommune får det vondt fordi dei kanskje i nokre høve må bruke eit skriftspråk som dei ikkje bruker til vanleg. Norsk skule legg opp til at alle skal få god kjennskap til begge skriftspråka. Når då kanskje elevar får råd om at: «Nynorsk må du ikkje bruke tid på. Du får aldri bruk for det», så blir gjerne nokon sittande der ein dag og innser at dei kanskje har bruk for det likevel.

Innbyggarundersøkinga i Ålesund kommune i 2016 viser at intensjonsavtalen hadde brei støtte for det som gjeld språket. Spørsmål 10 av 16 i Ålesund var slik med svara skrivne inn i prosent. Her er eit sitat frå undersøkinga:

«Intensjonsavtalen seier at den nye kommunen skal ha nynorsk som målform, men at folk kan få svar på bokmål og at skulane skal halde fram med sitt hovudmål. Er du einig i dette?»

1. Ja 41

2. Nei, eg vil ha bokmål som målform 31

3. Nei, eg vil ha nøytral målform 23

4. Dette er ikkje viktig for meg 5

Det var ikkje noko Veit ikkje-alternativ.

Opinion gjennomførte undersøkinga og summerte opp med mellom anna følgjande:

«Signifikant fleire vil ha nynorsk enn bokmål». Når skilnaden er signifikant, må det bety at skilnaden er for stor til at alt kan skuldast vanlege feilkjelder ved slike undersøkingar.

Elles går det fram av resultatet at det er ein tendens til at det er dei over 60 år som ønskjer språknøytralitet.

Det er vanskeleg å forstå at det i dei fire nynorskkommunane som no går inn i storkommunen, skal vere eit ønske, for ikkje å seie eit krav, om å bli med i ein såkalla språknøytral kommune. Dei er alle så langt gode nynorskkommunar. Dag Olav Tennfjord stiller seg i brodden for å gå mot intensjonsavtalen når det gjeld språkstatus. Verst må dette vere for Haram som med departemental tvang vart slått saman med dei fire andre kommunane. Så vil altså ein del kommunepolitikarar i tillegg at nynorskkommunen skal bli språknøytral kommunedel i nye Ålesund. Dette vil i så fall mange i Haram også oppleve som tvang.

Ordførarkandidat Eva Vinje Aurdal og hennar gruppering står på trygg grunn når dei forsvarer intensjonsavtalen. Det er ikkje talet på bokmålsbrukarar i noverande Ålesund kommune som skal avgjere dette.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!