Berre ein kort kommentar til Jens Oscar Vinje sitt tilsvar til min artikkel om det likekjønna ekteskapet.(Smp fredag 11.10)

Striden om homoseksuell praksis og dermed samkjønna ekteskap har heile tida vore ein lærestrid i kyrkja. Derfor behandla kyrkja si Lærenemnda (biskopar og teologiske professorar) spørsmålet om homofolt samliv, og konkluderte allereie i 2005 med at Paulus-breva i Det nye testamentet avviser samkjønna sex. Før det hadde Bispemøtet i 1995 sagt : ‘å sidestille heterofilt ekteskap med homofilt samliv er i strid med grunnleggande etiske prinsipp i Bibelen og må sjåast på som kyrkjesplittande vranglære’. Og også dette: ‘etablering av eigne forbøns- og vigselshandlingar vert vurdert som brot med einskapen i kyrkja’. Etter dette har saka utvikla seg, som kjent, til vi i 2017 får vedtaket i Kyrkjemøtet om det likekjønna ekteskapet. Men det altså utan at ny argumentasjon for at denne nyordninga av ekteskapet er i samsvar med Skrifta.

Når det gjeld vigselsritualet, hadde dei tidlegare utgåvene alltid med to skriftord som er rekna som grunnleggande for ekteskapet. Det er orda i 1. Mosebok om skapinga av mennesket til mann og kvinne i Guds bilde , og det er Matteusevangeliet kap. 19 om at mannen skal forlate forelra sine og halda seg til kona si og dei to skal vere eitt Det er å merkje seg at i dagens vigselsritual er skriftordet frå 1. Mosebok kutta ut heilt, og det andre er gjort til ei valfri lesing.

So sakleg sett må det vere rett å hevde at når det gjeld konkrete skriftord om ekteskap og samliv, so står nyordninga med det likekjønna ekteskapet utan konkret haldepunkt, korkje i Det nye, eller Det gamle testamentet. Og framfor alt: dei forsøka på å argumentere for dette, har slett ikkje overtydd motparten i kyrkja, altså dei som heile tida har stått for kyrkja sitt klassiske syn. Slik er det i Norge, og slik er det nær sagt i heile verda!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!