Fiskeri- og matminister Harald T. Nesvik møtte 22.10.2019 turistfiskenæringa og styresmaktene for å drøfte korleis ein kan stanse fiskesmuglinga.

På møtet deltok representantar frå NHO Reiseliv, YesSeafishing, Norges Fiskarlag, Tollvesenet, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.

Ministeren peika på at turistfisket er viktig for reiselivsbedriftene langs kysten, men at det er viktig å få slutt på den ulovlege aktiviteten som går føre seg og få større legitimitet.

Han peika vidare på at sjølv om turistfisket definitivt har livets rett, så må aktiviteten gå føre seg på ein berekraftig måte og at ein må utnytte heile fisken.

I dag er det altfor mange turistfiskarar som tar med seg berre rein filet og kastar verdifullt råstoff, seier han.

Dette er ei svært viktig sak for alle oss som bur langs kysten og som nyttar havet til å skaffe oss fisk på middagsbordet. Å kunne ta båten i lag med familien og hale seg nokre fiskar, eller sette ut garneller liner, har alltid vore ein av dei goda vi som kystbebuar har hatt.

Dette har vore ein sjølvskriven rett og nærast ein hevd vi har hatt. Retten og moglegheita vi har hatt, har dei seinare åra blitt ein del innskrenka i form av reguleringar av fritidsfiske. Antall mengde reiskap vi kan ha i havet har blitt redusert, men dette utan at det har ført til at vi ikkje lenger kan dra på havet og fangste av ressursane der.

Reguleringane har vore nødvendige og hatt som føremål å ha ei berekraftig forvaltning av havrommet. Vi har fiskeartar som er truga grunna overfiske og det er noko vi alle må ta på alvor og bidra til ikkje skjer.

Alle vil vi vere tent med at til dømes både hummar og kysttorsk framleis har gode levekår og at bestanden tar seg opp igjen. Når no ministeren tek til orde for å sjå på turistfisket med tanke på å få det betre under kontroll, så er det ei gladsak og berre å applaudere.

Dei fleste av oss har nok registrert utlendingane med 3 – 4 mann i kvar båt, av og til endå fleire, som ligg dag ut og dag inn i 2–3 veker og haler fisk opp av havet.

Turistfisket slik det går føre seg i dag tappar havet i kystområda for svært store fiskeressursar, noko som vil føre til endå strengare reguleringar for oss fastbuande og nasjonen Norge. Det vi og registrerer er at dei ikkje legg igjen mykje pengar utanom leige av båt og hus, det meste av mat og drikke har dei medbringa.

Desse kontrollane har avdekka behov for å reagere og derfor ønsker no ministeren å sette i verk tiltak. Det å berre ha stikkontrollar på grensene er på ingen måte godt nok. Slik vi ser det må den mest treffsikre kontrollen vere der fisken vert tatt i land og bearbeida, altså på turistfiskeverksemdene.

For oss som er fritidsfiskarar er det viktig at også vi er lovlydige og held oss innanfor dei reguleringane som er sett for forvaltninga av fiskeressursane.

Å jukse med feil på reiskap og for mykje utstyr vil berre slå tilbake på oss sjølve og føre til endå strengare reguleringar.

Også det å ha umerka reiskap i havet er noko svineri og noko vi må ta sterk avstand frå. Slike ting fremjar ikkje vår eiga sak.

I den seinaste tida er det i media vist til at Kystvakta har tatt fleire fritidsfiskarar med store mengder teiner og anna reiskap. Enkelte har hatt i havet over 60 teiner i tillegg til andre reiskap. Dette er ikkje bra!

Ser og registrerer vi slikt bør vi gje beskjed til den det gjeld dersom vi veit kven det er, om ikkje så bør vi vurdere å melde frå til rett myndigheit.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!