Fortel meg kva for eit land der sosialismen eller islamisme gav fridom? Eg ser ikkje noko land der eg finn dette. Fridom utan vekkelse og Kristus er ikkje lett å finne i noko land. Tek ein Kristus ut av skolen og nasjonen (noko vi gjer i Noreg i dag) tyder alt på at fridomen vert neste offer.

Bibelens ord har vist seg å vere historisk korrekt: Sitat Johannes 8,36: Får Sonen frigjort dykk så vore de verkeleg frie!

Denne debatten må vi ta opp med dei som vil ta kristendommen vekk frå skolen vår. La oss sjå på dette materialet empirisk, ikkje ut frå fordommar. Det er berre å sjå til dei land i verda som har gitt avkall på kristendommen som rettesnor. Noreg vore mindre lukkeleg ved å fjerne kristendomsundervisninga frå skolen Difor bør kristne starte friskolar og ta forkynninga attende til skolen. Om Jesus ikkje var fødd, hadde heller ikkje det Noreg eg kjenner og er glad i, med den fridomen og velstand, vorte til.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!