Eg slår på radio, eg slår på TV, eg opnar avisa. Det slår imot meg. Vald, knivstikking, gateslagsmål, bråk og uro, misbruk av sosiale media og mobbing. Mord, sjølvmord, grov vald og andre krenkingar har blitt ein altfor vanleg del av kvardagen vår. Dei fleste sakene råkar oftast mange, familie, vener og andre som sit att med fortviling og kanskje også skuldkjensle.

Eg funderer. Kvifor har terskelen for å utøve grov vald ofte med dødeleg utgang vorte gradvis lågare. Valden er til tider heilt uprovosert, noko meldingane frå Oslo siste tida fortel om. Vi kan snakke om eit kaldare samfunn, eit samfunn der fleire kjenner seg utrygge, eit samfunn dei fleste av oss ikkje vil skal innehalde desse triste elementa. Likevel, utviklinga er skremmande og slett ikkje ønskjeleg.

Eg prøver med nokre forklaringar og kanskje litt tiltak. Dagens utvikling må vi stå saman om å snu. Eg må ha hjelp frå mange av dokke!

Familien med mor, far og barn er ei av grunncellene i samfunnet vårt. Desse treng all vår støtte og hjelp for å meistre sine oppgåver. Vi må gje familiane ansvar, tillit og ikkje minst gode vilkår for å kunne gje barn og unge oppvekstvilkår som ikkje gjev grobotn til at 14–15- åringar utfører ugrunna vald på open gate i Oslo!

Meir politi kan vere ei hjelp, men det er truleg ikkje rette medisinen på litt sikt. Kanskje gjev vi dei unge for få faste og gode haldepunkt i livet? Det var truleg eit feil signal vi gav gjennom vedtaka på 1960-talet om praktisk talt å fjerne kristendomsundervisninga frå skulen? Fleire land har gått tilbake på liknande tiltak. Vi treng desse kristne grunnverdiane vidare i samfunnet vårt. Komande generasjonar må få med seg dette, det vil styrke grunnmuren i kvart einskilt menneske.

Nabokjerringa må få attende sin funksjon.

Gode fritidstilbod for barn og unge bør stå høgt på foreldre og politikarar sine lister!

Styrka hjelp og tiltak frå samfunnet til dei som av ein eller annan grunn fell utanfor, må vi aldri gløyme.

Heilt til slutt: Sosiale media, internett, Facebok, Instagram og mykje meir er truleg kome for å bli. Vi har så langt ikkje greidd å stoppe dei negative verknadene av det eg vil kalle misbruk på dette området. 15 unge jenter har teke sitt eige liv gjennom påverknad av eit såkalla lukka nettverk, kunne vi få som nyhende for få dagar sidan. Mobbing gjennom desse media er daglegdags. Opplæring, haldningsarbeid, restriksjonar, forbod eller – eg spør. Noko må gjerast. Det er vår plikt i høve vår medmenneske.

Attende til start: Grunnmuren må vere stø og sikker og bygd på fjell.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!