«8.3.3, hovudmål 3:»

«Kunst- og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet og for alle.»

Ironisk nok blir alle kunstlinje i heile Møre og Romsdal fylke påverka negativt dersom vedtaket frå økonomi- og handlingsplan for 2019–2022 kjem igjennom måndag den 11. november i Molde.

Etter alle paragrafane om kor viktig kunst og kultur er for vårt samfunn, og etter all verdas statistikk på korleis talet på deltakarar på UKM-fylkesfestivalen har auka frå 2017 til 2018, blir det fint innpakka kor mykje som skal halverast frå kunstfaga allereie neste år.

Korleis talet på elevar på dans, drama og musikk skal halverast, for så å slåast saman. Som om dei tre like så godt kan blandast i ei røre fordi det sikkert går i same greia. Musikk, dans og drama på Fagerlia er ikkje det einaste som vil bli kutta eller minska, men det gjeld også musikklinja i Molde og Volda, medielinjene i Ålesund og kunstfaga på Nordmøre. Linjer som har som formål å ytre noko.

Vi kan starte med det store håpet om å skape eit meir demokratisk kulturliv. For korleis skal ein jobbe mot eit meir demokratisk kulturliv dersom dei som sit høgast oppe på rangstigen vel å kutte ned på ressursar til kunstfag? Seks dagar reaksjonstid før forslaget blir vedtatt er så lite at ein knapt rekk å løfte blyanten. Kva skjer med samfunnet dersom ein tillèt seg å ta snarvegar til byråkratiet? Et fokus desse linjene har til felles er ytringsfridomen, retten på å meine noko, og sette ting på spissen. Ved å fullføre eit slikt vedtak, vil det kunne kallast sensur.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!