Møre og Romsdal er eit fylke som i stor grad har hatt eit ønske om å vere langt framme i utviklinga på mange område. Her kan vi nemne arbeidet for å styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv og internasjonalisering.

I denne situasjonen ønsker fylkesrådmannen å fjerne tilbod som har vore sett på som svært vellykka for å nå målsettinga om auka samarbeid mellom skule og næringsliv.

TAF-tilbodet (Eller det meir diffuse YSK-omgrepet) har tilført næringslivet svært verdifull kompetanse gjennom over 20 år. Dette er elevar som har gjennomført fireårig utdanning på mellom anna Haram vidaregåande skule.

Mange av desse elvane har seinare reist ut til universitet og høgskular for å ta vidare utdanning. Kva har så skjedd vidare? Jau, mange av desse studentane har gjennom den identiteten dei har bygd opp i sitt lokalmiljø, i si bedrift, fått sett kva bedriftene kan tilby av arbeidsplassar.

I dag er det difor svært mange bedrifter som har nytte av denne kompetansen i sine bedrifter. Sjølv etter mange år utanfor heimbygda har dei gamle TAF-elevane vendt nasen heimover. Det er vel det Møre og Romsdal fylke har ønska å oppnå med å satse på samarbeid skule-næringsliv? Å gje ungdom eit auka innsyn i kva dei ulike bedriftene står for og kva dei kan tilby av arbeid i framtida?

Å vere i ei bedrift i fire år har gitt eit unikt innsyn i kva som går føre seg i bedrifta, og på denne måten har desse elevane fått høve til yrkesorientering og innsikt som er svært vanskeleg å få til på annan måte. Tilbodet er unikt!

I tillegg til at næringslivet har fått nytte av denne arbeidskrafta har det vore ei nyttig utviklingsreise for desse ungdomane.

Møtet mellom skule og bedrift, ansikt til ansikt og gjennom samarbeid om desse elevane, har lagt grunnlaget for eitt av dei mest vellukka prosjekta og utdanningsprogramma som har som formål å auke kontakten mellom skule og næringsliv.

TAF – tilbodet eksisterer i dag i fleire fylke i landet, men etter Knarvik i Hordaland var Haram vidaregåande skule først ute i Møre og Romsdal.

Å få fleire til å velje utradisjonelt har vel også vore noko som Møre og Romsdal fylke har ønska?

Og dette tilbodet vil no Møre og Romsdal ta bort? Eit tilbod som kan vise til høg gjennomføring, gode nettverk og godt samarbeid skule-næringsliv, tilbakeflytting av ungdomar med høgare utdanning og lokal identitet, utradisjonelle val og mest av alt: dette har vore eit forpliktande spleiselag mellom skule og næringsliv.

Vi håper at alle som har sett nytten av dette utdanningsprogrammet no kjem på banen.

Om dei fine orda om samarbeid skule-næringsliv framleis skal gjelde, og ha truverd, må politikarane ha mot til å prioritere dette tilbodet også i framtida. 20 år med vellykka samarbeid skule-næringsliv må ikkje raserast på denne måten.

Dei verdifulle nettverka og røynslene som både bedrift og skule har fått er opparbeidde og utvikla over tid.

Det tar berre kort tid å bryte dette ned om ein fjernar ein viktig møteplassen for samarbeid som er bygd opp gjennom over 20 år!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!