Klimaendringane gir oss meir uver og digitalisering gjer oss meir sårbare. Derfor bør vi vere budd på situasjonar som kan føre til at mange mister til dømes straum og vatn, og at det kan bli vanskeleg å få tak i dei varene vi treng. Om samfunnet vårt blir ramma av ei stor hending eller krise er det mange som treng hjelp.

Dersom fleire av oss gjer oss i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. I Noreg er det mange ulike instansar som hjelper til ved ei krise som til dømes politiet, helsevesenet, brann- og redningsvesenet, Sivilforsvaret, kommunar, fylkesmenn og mange frivillige organisasjonar. Sjølv om vi har mange å spele på i ein krisesituasjon vil ikkje alle kunne få hjelp samstundes. Dei som ikkje treng akutt hjelp, må faktisk rekne med å klare seg sjølv den første tida. Målet er at alle skal vere budd på å klare seg sjølv i tre døgn.

Slik kan du dekke grunnleggande behov i tre døgn

Beredskap går ut på å vere budd på å møte kritiske og vanskelege situasjonar. Til dømes eit kraftig uver med storm og mykje regn, som fører til flaum, straumbrot og pandemiar, eller eit dataangrep som gjer at alt internett sluttar å fungere.

Derfor ber styresmaktene om at du og eg tek nokre enkle grep for å betre vår eigen beredskap og gjere oss i stand til å ta vare på oss sjølve dei første dagane ved ei krise. Dei grunnleggande behova som må dekkast dei første tre døgna av ei krise er varme, drikke, mat, medisin, hygiene og informasjon. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølve i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme heilt i mål. Det er viktig å ha tilgang på offisiell informasjon, og NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum. Her bør du ha ein DAB-radio som går på batteri!

Eigenberedskapsveka 28.10 – 3.11

Denne veka set vi i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), fokus på eigenberedskapen i Noreg. Alle husstandar fekk hausten 2018 eit hefte frå DSB med råd om nettopp eigenberedskap, og kva ein bør ha i hus for å klare seg sjølv i tre døgn. På sikkerhverdag.no, på nettsida til fylkesmannen og til kommunen din, finn du gode tips og råd om kva du bør tenkje igjennom og kva du kan gjere for å auke eigenberedskapen.

Føremålet med Eigenberedskapsveka er nettopp at alle blir minna på at det er lurt å vere budd.

På den måten er vi alle ein del av beredskapen i Noreg.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!