Slik konkluderte eg for ein del år sidan, etter å ha vore ein del av ein rettsprosess om eigedom og rettar, der det offentlege var motpart.

I utgangspunktet trudde eg at det velregulerte norske samfunnet heldt seg med eit velfungerande rettsvesen og ei skapleg offentleg forvaltning, som interesserte seg for det som er rett og sant.

Stort var difor sjokket over å møte ein rett med den frekkaste leiinga av ei offentleg forsamling eg nokon gong hadde vore i, og med ein dom som verka å vere eit resultat av at domarpanelet ikkje hadde lese dei lettforståelege eigedomspapira.

Erfaringane mine, som førde til nedsett arbeidsevne og tap av kapitalen som skulle brukast til å byggje opp den nykjøpte garden, gjorde at eg fleire år seinare trudde på varsla om påståtte justismord igangsett av barnevernet.

Det er 11 år sidan eg fekk innblikk i det eg vil kalle dei systematiske justismorda barnevernet tek initiativ til, og som anna offentleg forvaltning, påtalemakt og domstalar er medansvarlege for. Det er ikkje berre gjengs oppfatning blant nordmenn at den norske velferdsmodellen og det norske rettssystemet fungerer godt.

På ein konferanse i Bulgaria i haust, om den norske barnevernsmodellen, vart spørsmålet stilt av ein vantru bulgarsk menneskerettsadvokat om korleis desse massive menneskerettsbrota kan skje i Noreg, landet med den høge etiske stjerna internasjonalt, og kvifor folk ikkje protesterer?

Svaret mitt var at nordmenn ser seg overlegne dei fleste andre i menneskerettsspørsmål, og at tillita til statsapparatet vårt er nærast uendeleg; fylgjeleg trur ikkje folk varslarane. Annleis er det i Bulgaria. Etter kommunismen sitt fall er mistrua til statsapparatet rotfest.

Difor er det familien å lite på, og statlege angrep på denne vert møtt med sterke protestar og raseri; slik det gjer i desse dagar mot dei norske pengeoverføringane som skal sikre innføring av den norske barnevernsmodellen der òg. 10. september i år vart ein merkedag for landet vårt; Storkammeret i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) dømde Noreg for brot på menneskerettane til ei mor og sonen hennar!

EMD tok frå norske domstolar all ære ved å påstå at domstolane ikkje hadde vurdert fakta i saka, og at dei heller ikkje hadde vurdert om menneskerettane til familien var brotne! Kynisk og kalkulert menneskerettskrenkjande, er domen deira over det norske rettsvesenet! Men Den europeiske menneskerettsdomstolen er ikkje ferdig med Noreg; etter denne domen he dei akseptert nye 25 norske barnevernssaker til behandling! Reine gåvedrysset til alle som vil ha slutt på lidingane som barnevernet påfører normalfungerande born og familiar.

Knapt to månader etter domen i EMD, vert Nav-skandalen avslørt, og domarar og påtalemakt lyt vedgå at EMD hadde rett! Der det offentlege er part, vurderer ikkje domstolane jussen sjølve! Og påtalemakta sannar det same i eigen geskjeft! Høyr berre: Ina Strømstad, talsmann for domarstanden, forklarer skandalen til NRK den 30.10, sett frå domarpanelet: “De fleste har lagt til grunn at når offentlig myndighet hevder at det er i samsvar med regelverket, er det det.” Politiadvokat Arntsen, forklarer skandalen til Dagens Næringsliv same dag, sett frå påtalemakta: “Nav er et offentlig organ med ansvar for å håndtere det aktuelle regelverket. Vi må derfor kunne ha tiltro til deres vurderinger, og det vil være vanskelig for oss å overprøve deres tolkning av disse reglene.”

Uttalane få dommar Strømstad og politijurist Arntsen stemmer med erfaringane til den som he vore i rettssalen med det offentlege som motpart. Ei rettssak der fakta i saka ikkje vert prøvd, er inga rettssak! Uttalane frå Strømstad og Arntsen er ei gåve, for no he dei sjølve vedgått at domstolane, den tredje statsmakta, he abdisert til fordel for den statsmakta dei skulle kontrollere, det offentlege!

Ekspert på forvaltningsrett, professor Jan Fridtjof Bernt, kommenterer Nav-skandalen i Dagens Næringsliv den 28.10:“Det er påtalemyndighetens og domstolens oppgave å oppdage når forvaltningsorganene gjør feil. Her har de åpenbart ikke tatt sin oppgave som garanti for enkeltmenneskers rettssikkerhet tilstrekkelig alvorlig. Det er oppsiktsvekkende at ingen i påtalemyndigheten eller domstolene har oppdaget de åpenbare feilene ved hvordan Nav har forstått reglene.”

Skandalen er ikkje mindre rundt barnevernet. Knefallet til påtelemakta viser seg her ikkje berre med at dei er partners in crime ved røving av born, dei viser seg òg ved at politiet he gjeve lovbrytarane i barnevernet amnesti! Dei fleste meldingar til politiet om lovbrot i barnevernet vert nemleg lagde vekk. I staden prioriterer politiet å bruke tid og pengar på å straffeforfylgje dei som fortel om overgrepa! Per Einar Guthus, Ida Åsesdatter Isaksen, Ruth Ensby, og no seinast, Alf Reuss Kollsete, er nokre av desse. Saka mot Ruth Ensby er no på veg til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Saka hennar vil skape heilskap i bildet som domstolen teiknar av den manglande rettstryggleiken i Noreg.