For ikkje lenge sidan vart vi ”tuta øyra fulle” av kor dyrt det var å drive alle desse små-kommunane rundt oss! Her måtte noko gjerast.

I sin store visdom, meinte leiarane våre – faktisk over heile landet, at samanslåing av alle desse så einingane, var løysinga på våre problem!

Ikkje før var desse samanslåingane gjort før alt vart dyrare!

Ikkje har vi råd å halde ved like vegane våre, ikkje kan vi bygge nye, ferjetakstane stig, skuleelevane må reise lengre, vidaregåande skular må kutte drastisk og vedlikehaldet av skulane må reduserast – dette berre for å nemne litt av det vi skattebetalarar kan vente oss av fordelane rasjonaliseringane vi vert bydd.

Eg har lyst å sitere diktaren som uttala: ”Kainj det bli poesi tå slekt!!” Kanskje burde det vere ei oppgåve for Sunnmørsposten at dei tok ei rundspørjing til dei samanslåtte kommunane om storleiken på administrasjonskostnadane før og etter samanslåingane. Eg berre spør!