Noreg er i gang med ei formidabel omstilling for å kutte utslepp av skadelege klimagassar. Elektrifisering av transportsektoren, både på landevegen og til sjøs, er mellom dei viktigaste tiltaka. Utrekningar frå Energi Norge viser at dette vil bidra til 30 prosent lågare energikostnader for ein vanleg familie, temmeleg enkelt fordi elbilar krev vesentleg mindre energi enn diesel- og bensinbilar. Det utgjer rundt 8000 kroner i årleg sparegevinst for familien. Og vi er på rett veg – bokstaveleg talt: I mars i år vart det for fyrste gong selt fleire nye elbilar enn fossilbilar i Noreg.

Viss alle skal hurtiglade elbilen samtidig, får vi likevel trøbbel med kapasiteten i straumnettet vårt. Den smartaste løysinga er å fordele forbruket på fleire av timane i døgnet. Det kan dei fleste ladarane gjere automatisk. Då unngår me kostbare investeringar i straumnettet som forbrukarane må betale for. Det blir litt som med vegane våre: Det er dumt å byggje firefelts motorveg for å ta unna eit par timar rushtrafikk, viss ein kan fordele trafikken betre utover dagen. Det kan vi med straumforbruket.

Ifylgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan vi spare heile 11 milliardar kroner i straumnettet ved å lade elbilane på tider av døgnet når straumforbruket generelt er lågt. Det er ein sparegevinst som bør kome straumkundane til gode gjennom lågare nettleige.

NVE vil om få veker sende ein ny prismodell for nettleige på høyring for å kome kostnadsveksten i forkjøpet. Modellen vil gjere det rimelegare å bruke nettet når det er god kapasitet, og litt dyrare når det er «rushtid». Folk flest – det vil seie 80–90 prosent av kundane – vil ikkje merke nokon skilnad på straumrekninga. Alle vil framleis kunne dusje og lage middag når dei ynskjer. Men vi treng ikkje koke poteter, vaske klede og lade elbilen på same tid for å ha det trygt og komfortabelt heime. Ny teknologi vil kunne hjelpe oss, men då må det vere lønsamt.

For oss forbrukarar er det ikkje noko nytt at prisar varierer etter kapasitet og tilgjengelegheit. Det kjenner vi alt frå bestilling av fly og hotell, frå kino, treningssenter og til dels matbutikken. Folk flest blir stadig meir bevisste på korleis dei kan bruke energi smartare og meir miljøvenleg. I ei undersøking frå Elbilforeningen svarar heile 90 prosent at dei er villige til å flytta ladinga av elbil til natta. Den nye prismodellen for nettleige vil gje betre pristilbod til nettopp desse smarte kundane.

Så kan det innvendast at straum er eit meir komplekst og mindre handfast produkt enn fly og kino. Når ny prismodell skal innførast i straumnettet, må både styresmaktene og nettselskapa difor leggje seg i selen for å gjere det enklast mogleg for kundane. God informasjon vil vere avgjerande for å lukkast.

Om nokon skulle mistenkje fornybarnæringa for å ynskje ny nettleige velkomen for å tene meir pengar, kan vi avkrefte dette. Styresmaktene har nemleg sett eit tak på kor mykje nettselskapa kan tene. Dersom prisen stig nokre timar i døgnet eller i veka, må han gå ned på andre tider. Målet vårt er å kunne levere straum til ei klimavenleg omstilling av Noreg, og leggje til rette for ny industri og nye arbeidsplassar, utan at straumkostnadene går i vêret for forbrukarane.