Utdanningsforbundet har i fleire år åtvara mot at mange av elevane i dei vidaregåande skulane i vårt fylke ikkje får dei undervisningstimane i faga som dei forskriftsmessig har krav på.

Det har utbreidd seg ein praksis der skulane planlegg med bortfall av timar i fag før skuleåret har starta. Utdanningsforbundet har saman med andre lærarorganisasjonar teke opp saka både med lokale og sentrale myndigheiter utan at denne praksisen har teke slutt.

NIFU-rapporten frå desember 2016 «Får elevene den undervisningen de har krav på?», vart utført på oppdrag fra Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

Rapporten viser tydeleg det Utdanningsforbundet har åtvara mot i årevis. Mange vidaregåande skular i Norge planlegg heilt bevisst med å gi elevane mindre opplæring enn det minstetimetalet som er bestemt av myndigheitene.

Både Kunnskapsdepartement og Utdanningsdirektoratet har peika på at slik praksis er lovstridig. Likevel fortset denne praksisen og no enno meir systematisk enn før i vårt fylke.

For skuleåret 2019/2020 har rektorane ved dei vidaregåande skulane i vårt fylke fått pålegg frå arbeidsgivar om ikkje å legge ut alle timar i faga. I rundskriv utsendt til dei vidaregåande skulane før ferien, fekk rektorane følgjande pålegg: «…. Årsverket for undervisning skal byggast likt i alle fag og alle trinn etter følgande modell: Det skal leggast ut maksimum 182 timer i eit 5-timars fag. Plassering av timane går fram av individuell arbeidsplan med vedlegg. … … Faglærarar som innanfor skulen sin aktivitetsplan og organisering gjennomfører fleire enn de 182 undervisningstimane skal ha dette kompensert.»

Konsekvensane av dette pålegget er at elevane ikkje får timane i faga. 182 timar i eit 5-timarsfag utgjer fem timar mindre i eit skuleår eller ei veke mindre undervisning.

Å setje eit tak på kor mange timar rektorane får lov å legge ut i dei ulike faga er å svindle elevane for ein forskriftsfesta rett dei har.

Utdanningsforbundet vil minne om at 187 timar i eit 5-timars fag er eit minstetimetal – altså det minste ein treng i faget for å kunne gjennomføre opplæringa i tråd med læreplanmåla. Utdanningsforbundet har hevda at dette er ein lovstridig praksis utan å bli høyrd.

Vi kan vanskeleg sjå at det er andre årsaker enn økonomi når ein kjem med slike pålegg. Det er ei kjend sak at Møre og Romsdal fylkeskommune må gjennomføre ei kraftig innsparing i den komande perioden. Utdanningssektoren åleine må spare inn over 100 mill.

Saka er etter Utdanningsforbundet sitt syn av ein svært alvorleg karakter. Vi oppmodar no til fylkespolitikarane om å ta timesvindelen på alvor og sørge for at skulane får økonomiske rammer til å gi elevane fagtimane dei etter forskrifta har krav på!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix Foto: Thomas Brun