Syner til artiklar i Sunnmørsposten, Møre og Mørenytt angåande påstått forureining til ytre miljø og til naboar frå Steinsvik Olivine AS. Desse artiklane gjev eit svært unyansert bilde av forholda, og utfyllande fakta er naudsynt for å gje eit korrekt bilde.

Fyrst tek vi makrobildet:

Eksportkreditt påpeikar at Noreg går inn i eit svært bekymringsfylt aukande eksportgap. Det er lite direkte eksport frå små og mellomstore bedrifter samanlikna med det globale gjennomsnittet. Eksportandelen av mineral og metall har vore jamt dalande etter 1945, dei dominerande næringane har vore olje og gass og havbaserte næringar.

Olje og gass eksporten er minkande, i oppdrett er det venta ei gradvis omstilling frå opne til lukka anlegg, noko som vil føre til at lukka anlegg vert lokalisert nærare sluttbrukarane, vekke frå norske fjordar. Regjeringa legg opp til satsing på nye eksportprodukt som skal erstatte dette eksporttapet, og to av dei områda med høgast fokus er fornybar energi og bergartar/mineral/metall.

Kommunar og fylke som sit på moglege mineral, metall og bergartar som kan ha eksportverdi startar no gradvis ei kartlegging av slike med tanke på utvinning og eksport, ofte i regi av NGU.

Olivin er ein særs interessant bergart grunna sine gode miljøeigenskapar, han bitt tungmetall, vert nytta til reinsing og ph-regulering av vatn, i produksjon av stål og eldfast materiale. Noreg sit på store førekomstar med høg kvalitet av denne verdsette ressursen. Bygda Åheim er mykje godt bygd opp på olivinutvinning, og Volda er ei av dei kommunane som er heldige som har nokre førekomstar.

Så til mikrobildet:

For å etablere uttak trengs løyve frå Direktoratet for Mineralforvaltning, fylket og kommunen. Desse skal og ha jamleg rapportering av forholda både internt og mot det ytre miljø.

Uttak og foredling av mineral er ikkje mogleg utan ein viss påverknad på det ytre miljø. Ein lagar bokstaveleg tala hol i jordoverflata og må ha vegar og foredling som kan ha negative effektar. Til å regulere dette har styresmaktene klare reglar for kor mykje av slik miljøpåverknad som kan aksepterast. Dette er regulert i Forurensingsforskriften. Her står krava til støy, støv og suspendert materiale.

Alle bedrifter som opererer innanfor dette segmentet er pålagde å ta målingar for å dokumentere at ein ligg innanfor krava. Steinsvik Olivine AS har ikkje ei einaste måling som overskrid grenseverdiane. Vi har likevel iverksett tiltak, og har planlagt nye, som skal medføre minst mogleg ulempe for både folk og natur.

Mowi påstår Steinsvik Olivine AS nyttar Fremstevatnet til slambasseng, og viser til den slamtunga av olivin ein kan sjå i vatnet. Eg har forsøkt å forklare representantane frå Mowi at dette er naturens eige verk. Olivin forvitrar lett, og når elvar renn gjennom førekomsten vil suspendert materiale fylgje med til vatnet roar seg.

Den slamtunga som Mowi meiner er Steinsvik Olivins verk, kan ein sjå klart og tydeleg på gamle flyfoto. På nettsidene til Norgeibilder.no viser bilda både frå 1961 og 1965 at naturen sjølv har plassert denne sandtunga der. Vidare går hovudelva inn til Fremstevatnet utanom selskapets konsesjonsområde, og vert ofte slambrun grunna naturleg erosjon under store nedbørsmengder, noko som ikkje er Steinsvik Olivins ansvar.

Steinsvik Olivine har forklart at vi er pålagde av Direktoratet for Minerelforvaltning å ta ut olivinen frå toppen av, og må då lage nye vegar til toppen av førekomsten, i denne perioda er det risiko for meir enn normal suspendert masse dersom det kjem store nedbørsmengder, men dette er eit midlertidig problem.

Det er ikkje noko slam frå produksjonen av olivin, det vert ikkje nytta vatn i produksjonen og i den grad det kjem store nedbørsmengder, vert suspendert materiale normalt fanga opp i slambasseng.

Ein liten tur langs vatnet vil vise klart vatn tilnærma heile året. Stikling, aure, gytegroper og smolt kan ein sjå langs bardar, elvar og osar. Vassdraget er sunt og fruktsamt, og olivinen er delvis årsaka til dette grunna sine gode miljøeffektar.

Når det gjeld støv, har vi hatt problem med støvflukt frå lageret på Treneset i periodar med sterk vind frå nord, noko som ofte skjer i mai og juni månad. Her har vore prøvd forskjellige åtgjerder, både støvkanonar og vatningsanlegg. Innkjøp sist sumar av vasstank og vasskanon har medført at støvproblematikken omtrent vart eliminert under siste prøveproduksjon.

I tillegg er arbeidet starta med å etablere vasstankar med tilførsel til elektrisk pumpe, tidsur og vasspreiarar som skal starte tidfast vatning i dei turre periodane. Støv langs vegen har vi bekjempa med salt og sjøvatn, her kjem det også til sumaren ein ny type dekke. Til orientering er dette Steinsvik Olivins eigen veg som er anlagt utanom bygda nettopp for å være til minst mogleg ulempe. Selskapet kjem til å fortsette med uttesting av teknikk og metodar inntil naboane er utan ulempe frå støv.

Når det gjeld fagkompetansen til dei som står bak dette selskapet, så har selskapet knytt til seg tre av Noregs beste ekspertar til rådgjevarar innanfor geologi og naturfag og eit profesjonelt styre med tyske og norske fagfolk med lang erfaring innanfor denne industrien. Om dette teamet av ekspertar er kompetente til å forvalte konsesjonen finn vi ut av om nokre år, men i ein kvar norsk eller internasjonal samanheng er dette ei profesjonell forvaltning.