Innlegg:

Urbanisme som styringsverkty

Staten tappar kystnorge for kapital og infrastruktur. Gjennom ein cocktail av auka særskattar, nye lovpålagde tenester utan finansiering og nye miljøkrav blir distrikta generelt og kysten spesielt utarma.

Fjord1: Ferje. Fjord1. E39. Ferjesamband. Bilferje. Illustrasjonsfoto.  Foto: Stig Vågnes

Meninger

Konsekvensen av dette er at nasjonen Norge sin økonomi blir dramatiske svekka i neste omgang.

Eigedomsskatt

I stort sett alle landets kommunar ser vi ei kraftig innstramming i økonomien og det er stadig fleire kommunar som ser seg nøydde til å auke eigedomsskatten for å kunne tilby innbyggarane lovpålagde tenester. I tillegg til at dette er ein skatt som må betalast av allereie skattlagd inntekt tek den lite omsyn til den einskilde sin økonomi.

Det er pr. 17. juni 2019 371 av landets 422 kommunar som har innført eigedomsskatt. Til saman utgjer denne skatten om lag 14 mrd. kroner totalt og av dette er omlag 7.5 mrd. skatt på bustad og fritidseigedommar.

Hovudårsaken til at kommunane ser seg nøydde til å innføre eigedomsskatt er statens underfinansiering av kommunane. Kommunane blir pålagde stadig fleire oppgåver utan at det fylgjer pengar med. Ser ein dette i samanheng med statens iver etter å hente endå meir pengar frå distrikta generelt og kysten spesielt kan ein stille spørsmål om intensjonane og kompetansen til den borgarlege regjeringa.

Fiskernæringa

I regjeringa si kvotemelding ligg fleire uheldige tiltak som svekka fiskerinæringa. Det mest alvorlege er at den legg opp til at staten blir landets største kvoteigar. Med dagens verdi vil kvoter for om lag 3 mrd. bli trekte inn til fordel for staten og avkastninga av denne vil tilfalla staten for evig tid. Dette utgjer årlege bruttoinntekter på om lag 100 tusen for den enkelte fiskar og mange millionar for reiarlaga. Regjeringa si Kvotemelding legg opp til ein dårleg skjult grunnrenteskatt av ei næring utan superprofitt og inneber ei massiv flytting av verdiar frå kysten til staten.

Havbruksnæringa

Vidare legg staten opp til ekstraskatt på havbruknæringa berekna til om lag 7 mrd. I motsetnad til kvotemeldinga har regjeringa her opent kalla skatten for grunnrentebeskatnig. Det er kjent at økonomien i havbruksnæringa mildt sagt har svinga kraftig dei siste 10-åra og at næringa har store miljøutfordringar. Samstundes er konkurransen frå havbruk i andre land aukande. Denne skatten vil svekke nyskaping og innovasjonskraft og flytte store verdiar frå distrikta til staten.

Ferjedrift

Vidare ser vi at fylkeskommunen blir underfinansierte og det manglar om lag 200 mill. i overføringar frå staten berre til ferjedrifta i fylket. Fylkeskommunane blir tvinga til å redusere ferjetilbodet og auke ferjetakstane på grunn av statleg underfinansiering av den generelle ferjedrifta og manglande finansiering av miljøløysingane som Stortinget har vedteke. Dette betyr at vi risikerer å få redusert tilbod samstundes som kostnadane for dei reisande aukar kraftig.

Grunnlaget for å bu og drive næring i ferjeavhengige distrikt blir sterkt svekka. Store deler av den berande industrien på kysten er midt oppe i ein knallhard omstillingsprosess. Den foreslegne reduksjonen i tilbodet kombinert med kraftig prisauke vil redusere sjansane for å lukkast med denne prosessen. Resultatet er utarming og kollaps av næringsliv og arbeidsplassar. Forstår Regjering og Storting dette? – Det tvilar eg på.

Utdanningstilbod

Auka skattar og reduserte kommunikasjonstilbod i tillegg til store kutt i fylkeskommunane sitt utdanningstilbod medfører ei kraftig svekking av distrikta til fordel for staten. Resultatet er at distrikta blir tappa for ungdom og framtidig arbeidskraft. Det viktige samspelet mellom næring, kultur og samfunsbygging blir øydelagt.

Tapping av distrikta

Med skattlegging av fiskeri- og havbruksnæringa, dyrare og dårlegare kommunikasjon i distrikta og reduksjon i utdanningstilbodet får vi ein massiv flytting av verdiar, arbeidskraft, kompetanse og konkurransekraft frå der verdiane blir skapte til staten som då kan fordele verdiane dit dei ynskjer og dei ynskjer tydelegvis ikkje å fordele dei tilbake til kjelda.

Dette er ser ut til å vere ein bevist strategi frå regjeringa. Ei massiv sentralisering gjennom tapping av distrikta. Landet blir styrt av ein urbanisert elite utan kunnskap og forståing for kvar verdiane i landet blir skapte.

Naudsynt reaksjon

Det som no skjer er at staten tappar kystnorge for transport/kommunikasjon, kapital og kompetanse. Dette kombinert med manglande finansiering av kommunane med kommunal eigedomsskatt som einaste utveg gir ein cocktail som vil rasere kystnorge. Konsekvensen av dette er at nasjonen Norge sin økonomi blir dramatiske svekka i neste omgang.

Det er mykje urbanistane ikkje forstår. Dei forstår ikkje kvar verdiane blir skapte og dei forstår ikkje at vi ikkje er stilltiane kveg som let oss herse med. Tida er derfor koma for eit massivt kystopprør som viser dei kven vi er og at dette godtek vi ikkje!!!

Bernt Brandal

Ordførar i Hareid