«En kronikk er en større, saklig artikkel i en avis eller tidsskrift om et aktuelt emne. (...) artikkel som redegjør for en aktuell sak eller problemstilling på en nyansert måte slik at personer uten forhåndskjennskap kan forstå budskapet.» (Wikipedia)

Overskrifta «Bokmålsbyen og nynorskregimet» slår an tonen i den sterkt kjensleladde og usaklege artikkelen. Heile innlegget er tendensiøst og nyttar ein strategi full av språkbruk og ordval innsikta på å framkalle negative kjensler mot nynorsk og folk som på sakleg vis prøver å fremje bruken av nynorsk.

Å kalle Ålesund for «bokmålsbyen» er respektlaust overfor alle dei i byen som nyttar nynorsk, og det dekkjer dårleg dei faktiske forhold. Ordet «nynorskregimet» er sjølvsagt brukt for å skape assosiasjonar til styreformer vi ikkje liker å bli samanlikna med.

Meir i same gate: «Tvangsmålstradisjonen er lett gjenkjennelig i dagens nynorske vendetta mot bokmål i Ålesund. Herunder sorterer også den absurde nynorskprisen nye Ålesund er blitt tildelt før noe vedtak om målform er fattet.»

Om samanslåinga av Borgund og Ålesund i 1968, skriv Melsæter at det var «en naturlig utvidelse av byen». Folket i Borgund såg det ikkje slik, og formuleringa er ikkje berre hovmodig, men gir assosiasjonar til nazi-Tyskland sitt krav om Lebensraum på kostnad av nabolanda.

Melsæter skriv elles at Ålesund alltid har hatt eit «enormt» fleirtal av innbyggarar, inklusive institusjonar, foreiningar, bedrifter osv., som har nytta riksmål/bokmål. Byen har ei plikt til å vareta denne språklege kulturarven, meiner han. Om «byen» her betyr kommunen, blir det feil. Administrasjonen er korkje laga eller rusta for ei slik oppgåve. Til å ta vare på kulturarven på Sunnmøre, har vi først og fremst stiftelsen Sunnmøre Museum.

Artikkelen inneheld også fleire påstandar om konspirasjonar frå «målreisinga» og «målstrevet» for å erobre byane kulturelt og språkleg og/eller utradere riksmål/bokmål i byane. Kven eller kva som stod bak desse åtaka, eller korleis dei gjekk føre seg, er ikkje opplyst. I det heile er artikkelen full av påstandar utan dokumentasjon. Melsæter titulerer seg som historikar med eit dr. attpå, men det er ikkje mykje akademisk sus over dette innlegget. Som kronikk kan det ikkje bli anna enn karakteren 0 (null).

Torgeir Melsæter veit nok at alle i så vel gamle som nye Ålesund får bruke den målforma dei ønskjer, og at det også gjeld skular og andre institusjonar i kommunen. Den jamne ålesundar har neppe vanskar med å lese nynorsk i kommunale dokument når det måtte vere nødvendig. «Problemet» er rett og slett aversjon mot nynorsk, og Melsæter har kanskje rett i at denne striden kan skape endå fleire nynorskhatarar i byen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!