For kor traumatisk er det vel ikkje å måtte skrive nynorsk? Alle desse vanskelege orda som ein aldri kan få lært seg og som stakkars ungdommar må streve seg gjennom. Det er svært forståeleg at lærarane snakkar ned dette elendige språket som dei kanskje ikkje meistrar sjølve heller. Målforma nynorsk er både vanskeleg og unødvendig å lære. Sjå berre på det eg skriv her - er det vel ikkje gammaldagse ord og vendingar? Kven kan nytte slikt eit språk?

For nynorsk er eigentleg eit språk for gamle vestlendingar i strikkavest, rutete skjorte og mørkebrune fløyelsbukser. For å sitere komikaren Are Kalvø: «Bruker du nynorsk, så likar du ikkje asfalt, du er glad i folkedans, eig minst ein bunad, er avholdsmann og EU-motstandar. Nynorskfolk høyrer på folkemusikk og dopar seg på meieriprodukt».

Det er med andre ord ei veldig homogen gruppe av menneske, desse nynorskbrukarane. Ofte humørlause folk som ikkje eingong kan le av vitsar om nynorsk. For det er veldig artig å lage vitsar om nynorsken, gjerne i kombinasjon med noko morosamt om distrikta, bygdene og alt det representerer. Ei hånande og distansert haldning til alt ein kan knytte til nynorsken, det er då vel moro og det må ein vel kunne le av? Omgrep som «grautmål», «spynorsk» og «fjøslatin» er då kjempeartig, og det er berre desse smålege nynorskbrukarane som tek seg sjølv så høgtidleg som ikkje ler av dette.

At nynorsk skriftspråk vart etablert mellom anna fordi det er mange som snakkar dialektar som ligg nært opp til nynorsken, er av mindre betyding. Det pedagogiske aspektet her kan då umogeleg vere viktig. At det var dansk som var skriftspråket og at dette var vanskeleg for mange, hadde vel eigentleg Ivar Aasen kunne léte ligge. Var det så farleg med om vi ikkje hadde norsk språk i Noreg? Vi kunne gått for dansk og likevel vore ein eigen nasjon. Snakk om å lage seg ekstraarbeid. Og ikkje minst: Alt det ekstraarbeidet og ikkje minst kostnadene ein no har i dette landet fordi vi har to jamstilte skriftspråk. Bøker må trykkast både på bokmål og nynorsk, i offentleg forvalting må ein stakkars sakshandsamar skrive både nynorsk og bokmål.

I det private næringslivet står ein heldigvis mykje friare med omsyn til bruken av nynorsk. Sjølv er eg ein flittig brukar av flyselskapet Widerøe som opererer i heile landet, frå dei største byane til rurale strøk der ein mest ikkje skulle tru at eit fly kan lande. Vi er mange som humpar oss opp over Sunnmøre i vinterstormane medan vi les Widerøe sitt magasin Perspektiv. Ein kunne kanskje tenkje at dette bladet ville spegle det faktum at vi har to jamstilte skriftspråk i dette landet, men heldigvis er bladet heilt fritt for nynorsk. Du kan vere heilt trygg, for eg har lese dei aller fleste utgåvene av dette bladet. (Men ver merksam på at det kan kome annonsar på nynorsk) Heldigvis er det også bokmål som er språket i dei store riksavisene, i kulørt vekepresse og dei aller fleste magasin elles, så vi slepp å forholde oss til nynorsken i desse media. NRK har dessverre visse retningslinjer for bruk av nynorsk, så her slepp ein ikkje unna. I tekstinga av enkelte utanlandske filmar må NRK nytte nynorsk. Det gjer dei veldig tydeleg ved å nytte hypernynorske former som hjå, ljos, viljug i staden for hos, lys og villig, og det er veldig bra, for då kan nynorskmotstandarane gripe denne typen ord med stort begjær, eller med griskleik som NRK nok ville ha skrive. Godt er det også at nynorsken vert krenka i humorseriar som «Best før» (TV2) der hovudpersonen Lena insisterer på å bli med på skogstur for å sjå tiurleik, men poengterer raskt at tiurleik høyres «utrolig kjipt og nynorsk ut». Når slike utsegner og haldningar berre blir synleggjort jamt og trutt, vil nok nynorsken måtte seie takk for seg. Gudskjelov.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!