Lesarinnlegg:

«IB-linja er for spesiell til at den kan vrakast»

Meninger

I Møre og Romsdal fylke tilbyr Spjelkavik vidaregåande skule tilbodet International Baccaluaureate, eller IB-linja, som den kallast. Den står no på fylket sine kuttlister, noko som vil føre til at Møre og Romsdal blir det einaste fylket i landet utan dette tilbodet (med unntak av Nordland)! Og kvifor er det så viktig med IB? La oss forklare: all undervising i faga på IB går føre seg på engelsk (utanom morsmålsfaga). Læreplanen er lik over heile verda, så ein kan ta dei same faga med den same læreplanen i Kuala Lumpur, som i Ålesund. Elevane har berre seks fag som går over to år, ulikt det hopetalet av fag som er vanleg på studiespesialiserande linje, ST. Med IB kan ein elev få ekstra poeng som gjer at ein kan studere på prestisjetunge universitet som Cambridge og Oxford. Dermed er IB-linja unik, og bidreg til det faglege mangfaldet på vidaregåande opplæring i fylket.

IB gir altså eit internasjonalt perspektiv på (vidare) utdanning, eit perspektiv og kompetanse lokalsamfunnet i Møre og Romsdal har bruk for. IB har nemleg ein heilt spesiell tankegang og tilnærming (ulik noko anna fagleg tilbod i fylket) til korleis ein skal vere ein aktiv borgar i det globale samfunnet. Linja fokuserer på at elevane skal ta initiativ til å forstå globale problem, og samstundes klare å setje desse problema i eit perspektiv som er relevant for lokalsamfunnet. Vidare er bruken av det engelske språket i kvart fag noko som skapar høgt kompetente engelsktalarar som brukar fagleg terminologi, noko som er absolutt nødvendig i eit stadig meir internasjonalisert samfunn. Vi meiner at IB-elevar blir viktige ressursar for fylket sine mange næringar i framtida. Allereie i 2019 er det til dømes mange bedrifter i fylket som gjer forhandlingar med utanlandske aktørar og partnarar. I tillegg til dette er Noreg eit land som er avhengig av å eksportere utanlands. På mange måtar er denne eksportverksemda noko som koplar nordmenn og ikkje minst møre – og romsdalingar til resten av verda.

Sikrar framtida

Ved at Møre og Romsdal fylkeskommune held fram med å tilby IB linja på Spjelkavik vidaregåande skule i år framover, kan fylket sikre at vi har unge innbyggjarar som er kompetente og sjølvsikre i det engelske språket, og som har ei større forståing ovanfor forskjellige kulturar. Dermed kan ferdigutdanna IB-elevar bidra i ein større grad i dei internasjonale aspekta av næringane her i Møre og Romsdal fylke.


Vidare er IB ei linje som er grundigare til å førebu elevar til kvardagen som student når ein byrjar i høgare utdanning enn ST. Det er gjennom eit eige fag som kallast “Theory of Knowledge” (TOK) at elevane i større grad lærer om kritisk tenking og refleksjon, noko som er relevante eigenskapar å meistre før ein byrjar i høgare utdanning. Den internasjonale læreplanen til IB hjelper oss elevar til å identifisere oss i eit større og meir globalt fellesskap og inspirerer oss til å satse på større akademiske bragder vidare i livet.


Til dømes må alle IB-elevar skrive ei sjølvstendig akademisk oppgåve på 4000 ord. Denne oppgåva hjelper oss som elevar med å bli betre på kjeldebehandling og med å utvikle den kritiske tankegangen vår. Med andre ord kan IB ofte vere ein meir krevjande måte å oppnå generell studiekompetanse, men det er eit fantastisk tilbod for elevar som er fagleg sterke og ønskjer ei større utfordring enn det ST kan tilby. Det er nemleg viktig at elevar vel den linja som motiverer dei til å arbeide og utvikle seg, og IB er for mange unge ei linje som gjer akkurat dette.

Mangfald

Lik mange av dei andre linjene som fylket vil kutte, er IB noko som bidreg til eit større mangfald i regionen. Sidan denne fylkeskommunen kjem til å vere den einaste som ikkje tilbyr dette programmet (utanom Nordland) er det sannsynleg at unge og ambisiøse vidaregåande elevar vel å flytte til eit anna fylke. Med andre ord kjem det manglande mangfaldet i vidaregåande opplæring til å gjere Møre og Romsdal til eit lite attraktivt fylke for unge å bu og studere i, og i verste fall gjere fylket til eit som berre legg til rette for eldre. Vi endar dermed opp med eit fylke med manglande og lite variert kompetanse som kan bli liggande bak andre norske fylke i utvikling og fagleg kompetanse.

Mangfald og eit godt fagleg miljø er ikkje det einaste IB tilbyr, det tilbyr også personleg og individuell utvikling. Sidan IB har ein sjølvstendig læreplan har den eit mykje større fokus på å utvikle elevane som enkeltmenneske i forhold til sin nasjonale motpart. Fag som: “Creativity, Activity and Service” (CAS) hjelper til dømes oss elevar med å konfrontere våre eigne komfortsoner ved at vi blir bedne om å sjølvstendig ta initiativ til å ta del i nye og ofte framande aktivitetar i lokalsamfunnet. Ved å ta del i dette faget blir vi som elevar betre kjent med oss sjølve, vi klarar i større grad å identifisere våre eigne styrker og svakheiter, vi lærer også ein god del om korleis vi skal organisere vår eigen kvardag gjennom dette faget. IB er med andre ord ei linje som inspirerer sjølvstendig arbeid, og ei heilskapleg utvikling. Linja legg også vekt på at elevane ikkje berre skal vere fagleg sterke, men også vere bevisste og aktive medlemmar i samfunnet gjennom CAS-faget. CAS har nemleg krav om at elevane skal utføre velgjerdsarbeid utan å få betaling for det. Hittil har vi elevar tatt initiativ til å rydde i naturen, hjelpe unge og eldre i forskjellige samanhengar og gjort arbeid for diverse organisasjonar. IB er derfor ei linje som klarar å utvikle og skape godt førebudde elevar som kan ta aktivt del i lokalsamfunnet.

Vi seier dermed eit klart og tydeleg nei til nedlegging av IB! Linja er for spesiell til at den kan vrakast, og Møre og Romsdal fylke bør tenkje på meir enn berre pengar; dei bør også tenke på kva kompetanse fylket vil trenge i framtid, så eit kutt av IB er kortsiktig naudløysing som rammar framtida i regionen. Vidare, vil vi derfor be alle unge og eldre om å stå opp for elevane, deira individuelle framtid og fylket si eiga framtid som ser svært mørk ut viss desse kutta blir gjennomført.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!