«Kjønn og kyrkje» var tema i Spjelkavik kyrkje den 6.11 Eg syntest det var fint å sjå ein homofil i aksjon i kyrkjerommet. Det slo meg: han der er ein fin fyr. Veldig lite spesiell. Han fortel ærleg om livet sitt. Det gjer alltid inntrykk. På grunnleggande vis er han faktisk som meg. Rett nok med spesielle utfordringar på eitt felt i livet, men eg møter so mange som har det. Og eg reflekterer vidare: ja vel, det er ingen sensasjon å møte ein homofil (det er no ikkje første gong eg gjer det). Og eg kjenner på at eg gjerne ser at han der får eit godt liv.

Den andre tanken som slår meg er denne: Rett nok har homofile/lesbiske erfaringar som eg ikkje har, dei er seksuelt tiltrekte av menneske av same kjønn. Den erfaringa har ikkje eg. Det er deira spesielle utfordring, og den er nok ikkje alltid lett å bere. Men på den andre sida: desse har likevel ikkje ein spesiell innsikt som gjev dei rett til å overprøve og endre vårt syn på grunnleggande spørsmål som har med kjønn og samliv og ekteskap å gjere.

For meg er det altså ikkje menneske med homofil legning som er «elefanten i rommet». Men elefanten i rommet er den ideologien som vert bygt opp omkring desse. Konkret i kyrkja er elefanten i rommet det samkjønna ekteskapet.

Her viste også arrangementet i Spjelkavik kyrkje at teologien må betydeleg nysnikrast for at denne «konstruksjonen» skal få plass. For Helen Bjørnøy karakteriserer t.d. Bibelen som «ei rekkje historiske skrift som har blitt til over lang tid og er farga av sin tids kultur». Slik denne formuleringa vart brukt, må denne oppfatninga karakteriserast som eit temmeleg avsjela syn på Bibelen. Ei grunnleggande føresetnad for eit rett forhold til Den heilage Skrifta må vere at Skrifta avslører sanningar som overgår min eigen fornuft. Den tidlege kyrkja seier at meininga i Skrifta er boren av vengjer som er gjeven av Heilaganden. Eit teologisk system som overser dette, reduserer Skrifta til berre å bli eit forsvar for eigne meiningar. Det er ei av teologiens store freistingar.

Støttespelarane for ein skeiv ideologi har også eit syn på utviklinga av kjønnsidentitet som er så overflatisk og misvisande, at fagfolk reagerer (jf. Smp 7.11). Men Helen Bjørnøy har tydelegvis adoptert denne ideologien til FRI om glidande kjønnskategoriar (!). Som betyr at «han» og «ho» berre er ytterpunkt på denne glideskalaen. Når den klassiske formuleringa i vigselritualet at «Gud skapte menneske til mann og kvinne» no er gjort valfritt, kan ein tenkje seg at neste revisjon vil ha velvalde ord om at vi er skapte med ein glidande kjønnskategori der han og ho er ytterpunkt – det vert vel oppbyggeleg! Men skremmande er det å tenkje seg at våre barne-barn-jenter kan møte press til å dusje saman med ein gut, fordi denne guten seier at han opplever seg som ei jente! Det er veldig lite triveleg å tenkje på!

Med all respekt for dei som kjenner seksuell tiltrekking til menneske av eige kjønn, og dei som kjemper med sin kjønnsidentitet – eg nektar å godta at konsekvensen av å akseptere og støtte desse som medmenneske, skulle få slike dramatiske konsekvensar.

Den skeive ideologien har snart fått ein halvstatleg status, med tilgjenge over alt, og med raus statlege støtte. Det er på tide med eit skarpt søkjelys på kva denne ideologien verkeleg står for!

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!