Legg ned fylkeskommunen! Eller dersom dette ikkje går, legg ned Møre og Romsdal fylkeskommune, og la Sunnmøre få gå til Vestland og Nordmøre og resten til Trøndelag. Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje liv laga som eigen region.

Frp ynskjer å leggje ned dette tredje forvaltningsnivået som fylkeskommunen er, og overføre arbeidsoppgåvene til dei større kommunane.

No har vi fått større kommunar som Ålesund, Molde, Hustadvika, og på Nordmøre så må det skje eit kvart ikring Kristiansund.

Når vi har ein fylkesrådmann og eit Senterparti her i Møre og Romsdal fylkeskommune, som presterar å verne sin eigen administrasjon, strø rundt seg med pengar til prosjekt og områder som vi slett ikkje behøver, så har fylket mista si rolle.

Når prioriteringane til både fylkesrådmannen og det Sp-styrte politiske nivået skal radbrekke vidaregåande skule med å kutte 200 mill kroner, har vi ikkje bruk for fylkeskommunen. Når prioriteringane til både fylkesrådmannen og det S-styrte politiske nivået skal radbrekke ferjedrifta, tannhelsetenesta og leggje ned vidaregåande skular her i fylket, har vi ikkje bruk for fylkeskommunen.

Dersom vi legg ned Møre og Romsdal fylkeskommune, eller går til Vestland/Trøndelag, sparar vi her i fylket mellom 3-500 mill kr, som kan brukast på vidaregåande skule, oppretthalde tannhelsetjeneste og ferjedrifta.

Fylkestinget i Møre og Romsdal vert styrt av eit Senterparti som har grafsa til seg stort sett alle leiarverv, der målet deira er verv, og samtidig sørge for at «miniparti» som Rødt og Venstre får posisjonar milevis utover det veljarane har bestemt gjennom valet. Senterpartiet har aldri levert i posisjon, verken i Stortinget eller her i fylket.

Åtte år med Sp bak rattet her i fylket har kun oppnådd klaging og syting overfor Stortinget og regjeringa, som i dei siste seks åra har overført tidenes høgaste rammeoverføringar til både fylka og kommunane, og sørga for historiske låge renter.

Likevel klagar og syt Sp. Alle andre har feil utan om akkurat dei sjølve, som faktisk har ansvaret for situasjonen som Møre og Romsdal fylkeskommune er i for tida.

Eg trur både fylkesrådmannen og Sp har gløymt av kvifor vi har ei fylkeskommune! Slik det no ser ut, ser det ut for at Sp meinar innbyggjarane er til for fylkeskommunen, og det er fylkeskommunale byråkratar, opera, museum osv, som er viktigast.

Frp er klokkeklar på at det er stikk motsett. Fylkeskommunen er til for å levere dei viktige tenestene til innbyggjarane, slik som vidaregåande skule, tannhelsetenester og ferjedrift.

Derfor er det heilt klart for oss at så lenge både fylkesrådmannen og Sp, som styrer fylket, ikkje ynskjer å bry seg om dei viktigaste tjenestene til innbyggjarane, då må fylkeskommunen leggjast ned, eller vi må gå ihop med Vestland eller Trøndelag.

Frank SveFylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

Har du noko på hjertet? Send ein epost til debatt@smp.no