Nokre år etter at eg kom hit til «søre luten» av Møre og Romsdal på slutten av 1960-åra, kom det ønske om å få vidaregåande skule til Vanylven. Det var langt for 15-åringane å reise til Fosnavåg, Ørsta eller Volda. Dersom dei fekk i det minste eit førsteår heime, vart eleane 16 år før dei måtte på hybel. Det var straks betre. Det var ikkje så stort elevgrunnlag at det var rimeleg med ei sjølvstendig skule, men dersom Herøyskulen kunne tenkje seg å administrere ein filial i Vanylven, meinte fylkespolitikarane det var greitt.

Eg var på den tida inspektør ved Herøy vidaregåande skule. Eg hadde tidlegare vore med å nystarte Bodø radioskole, den første av sitt slag i Nord-Noreg, og var rektor ved den skulen i fleire år. Ikkje lenge etter at eg kom hit til Fosnavåg, lyste fylket ut rektorstilling ved Sykkylven vidaregåande skule, som skulle nyetablerast. Eg vart tilsett, og fekk vere med og ha ansvar for den etableringa. Med denne erfaringa meinte rektor her at eg fekk ordne med skulen i Vanylven.

Det er mange ting som skal kome i orden før elevane kjem; lokale som høver til føremålet, yrkesfaga skal ha mykje teknisk utstyr og stillingar skal utlysast og lærarar tilsettast, og mange andre startoppgåver.

Eg møtte lokalpolitikarar, skuleleiarar og lærarar som langt på veg omfamna meg og stilte all sin kraft i å få dette til. Det skulle berre mangle. Ungdomsskulen hadde noko ledige lokale, og andre løysingar vart inspiserte og vurderte som godt brukbare. Det hadde tidlegare vore ei realskule i Syvde, men dei lokala var då mindre brukbare. Men lokale skulle det verte råd med, det skulle berre mangle. Og godt brukbare lokale vart ordna på kort tid. Det var berre for meg å tinge utstyr, lyse ut stillingar og elevplassar og sette i gang.

Dette var sjølvsagt ein stor ting for ei kommune lengst mogleg unna fylkesadministrasjonen, å få ein vidaregåande skule. Om det vart flagga rundt på gardane veit eg ikkje. I åra som følgde hadde eg oppgåva å følgje opp denne filialen. Skulen fekk etter kvart ein leiarfunksjon som avlaste administrasjonen ved Herøyskulen. Eg prøvde å få ein tur ned til Vanylven-filialen ein gong i månaden.

No har dei same fylkepolitikarane funne ut at det vidaregåande skuletilbodet i Vanylven skal nedleggjast. Det er ei skam. Ein slik utkantkommune har meir enn nok problem, om ikkje fylket skal ta frå kommunen og ungdomen eit så viktig tiltak. Eg kjenner ikkje til anna om skulens drift enn det eg ser i avisene. Den viktigaste føresetninga for å oppretthalde skuletilbodet er sjølvsagt at elevkulla er om lag slik som i starten, og dermed søkninga god nok. Men det er vemodig å lese i avisa om at det kanskje ikkje vert vidaregåande skuletilbod meir i Vanylven.

Har du noko på hjertet? Send et innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!