Bytur var populært, men ei sjeldan affære i min barndom. Bortsett frå julehandel, tannlegebesøk hos «ho Langlo» og levering av ull om hausten, heldt vi oss her for det meste inne på bygda. Ein og annan gongen slong det til at han onkel skulle ha seg klede til bruk i båten, og då fekk vi vere med, og handelen var sjølsagt i Skansen hos Dale.

Onkel Adolf og eg hadde ei felles interesse, nemleg å skrive, men han voks opp i ei tid då det var lommeboka, og ikkje evnene, som avgjorde utdanning eller ikkje.

Den økonomiske stoda i familien gjorde at onkel ikkje fekk gå vidare etter sjuårig folkeskule, men eg vågar å påstå at han likevel var ein av dei mest boklærde og kunnskapsrike i bygda. Han lærte fort, hugsa svært godt og hadde det ein kallar klisterhjerne.

Adolf Bjermeland var ein habil skribent, og mange kontakta han for å få laga fengande telegramtekstar og songar og talar til festlege samkomer. Han leverte også stoff til Fossedur, det handskrivne bladet til ungdomslaget og skreiv i Sunnmøre Arbeideravis under pseudonymet «Fjorda-Pe».

Adolf var ein stillfaren mann som ikkje brillierte med kunnskapane sine, men i færingen eller skyssbåten som vart hans leveveg, hadde han nok sine draumar om studiar og skriving.

Onkel Adolf minnte meg alltid på å vere takksam for at eg fekk ta utdanning, det treng kanskje mange unge å tenkje på også i dag.

Adolf Bjermeland døydde i 1976.

I dette diktet viser onkel Adolf litt av sin lune, humoristiske sans.

Her skildrar han butikken i Skansen, ei forretning dei fleste frå bygdene og øyane hadde eit forhold til.

I Oldtida gjekk våre forfedre kledde i huder,

der var ikkje den gongen, fullt av buder.

Men det vart forandring i kledningsbransjen

då Tore Dale opna for handel i Skansen.

Januar er ei mare med rekning og krav,

du eig ikkje øre etter gamleårets kav,

og kraftprisen stig, det er ei skandale,

så kjøp heller ulster i Skansen hos Dale.

I februar tok eg endeleg torsken på fjorden,

med pilk og rykk eg klarte å lure´n.

Eg åt då kams til eg greidd ikkje tale,

men oljehyra kjøpte eg i Skansen hos Dale.

I mars fekk vi hus og plassen var fin,

men ho Kari gnåla om nye gardin.

«Kjøp gardin, du Kari, eg skal betale,

men hugs; det må vere i Skansen hos Dale.»

I april står han Einar og smiler i porten,

for gallupen viser no minus hos Borten.

Ja, gallupen viser no tallenes tale,

men det viser pluss i Skansen hos Dale.

I mai må bøndene pløge si jord,

og erla ho trippar i traktorens spor,

og gardkona tolkar no erla sin tale:

Kjøp vårdrakt, kjøp vårdrakt i Skansen hos Dale.»

I juni dei samlar til jonsokbål,

og Bollaren sigrar med mykje skrål.

Med vinterkle treng´kje vi lenger å bale,

nei, kjøp heller sommarkle i Skansen hos Dale.

I juli ved sjøen i sommar og sol,

småbåra mot svaberget klukka og mol.

Ja, no Tove Mette, no kan du prale,

du kjøpte bikini i Skansen hos Dale.

I august er det bærtid inne på torget,

men berre kontant, du fær ikkje borge,

for dei som sel bær, må også betale

for varer dei kjøper i Skansen hos Dale.

I september er tid for kommunevalg,

frå Høgre kjem flesk og frå Venstre talg.

Men når det gjeld klede er den einaste tale

at alle vil handle i Skansen hos Dale.

I oktober vil lauvet frå greinene falle,

for surver og regn det gruer me alle.

Men eg veit ei råd eg vil anbefale,

kjøp ny paraply i Skansen hos Dale!

I november ei prøve på vintren vi får,

me kjøper oss stillongs til leggar og lår.

Ja, dette kan doktoren anbefale,

og sorten den får vi i Skansen hos Dale.

I desember då er det vi høgtidar jul,

og gåver kjem fram i frå gøymsler og skjul.

Ja, pakkar dei er både lange og smale,

men alle er kjøpte i Skansen hos Dale.

God jul !