Det har aldri vore lettare for den vanlege mannen og kvinna i gata å kome til ordet. I dag treng du ein mobil og ein konto på eit sosialt medium for å ytre deg. Tida frå tanke til publisert innlegg kan bli gjort beinveges, ufiltrert – rett ut til nettverket ditt.

I «gamle dagar» var vegen lengre. Om du ville kome til orde måtte ytringa di ha gått gjennom dei såkalla portvaktene til avisene, altså journalistar og redaktørar, før den eventuelt hadde hamna på trykk. Portvaktene måtte vurdere om kvaliteten på innlegget ditt var godt nok, vege for og i mot andre lesarinnlegg, vurdere om bodskapen passa inn i forhold til tidlegare saker og om det var meir spalteplass å ta av. I tillegg måtte avsendar av innlegget ta seg tid til å reflektere og skrive ein god tekst for å kome gjennom. Slik er det ikkje lenger, dessverre.

Hatprat og ytringsfridom

Kvar dag ser eg innlegg på sosiale medium som aldri burde sett dagens lys: Hatefulle ytringar om folks etnisitet, religion, seksuell orientering, kjønn og nedsett funksjonsevne. Eg har sett variantar av alle desse formane for hatprat – frå alle slags folk. Til og med frå folk som eg har sett på som førebilete, og som burde ha visst betre.

Ytringsfridom er grunnleggande viktig i eit demokratisk samfunn som vi bur i, og å ytre seg på nettet er eit privilegium vi har, noko som ikkje er alle forunnt. Vi bør ha stor takhøgd for å ytre oss, men det vil ikkje sei at det er fritt vilt og at du kan seie kva du vil. I dag er vi alle våre eigne portvakter, og med det kjem òg eit ansvar.

Folkeskikk på nett

Det ansvaret handlar om å tenkje over kva ein ytrar og korleis ein ytrar seg. Vanleg folkeskikk gjeld òg på nettet, sjølv om det verkar som om folk kan gløyme dette av og til. Det er mange som tøffar seg bak tastaturet, men når du møter desse menneska ansikt-til-ansikt er dei ikkje alltid like store i kjeften. Repetisjon: Vanleg folkeskikk gjeld òg på nettet.

– Skriv på same måte som du ville snakka til eit menneske ansikt-til-ansikt, eller framfor ei forsamling.

– Ta ein pust i bakken, og ikkje skriv i affekt. Les gjennom innlegget, og vurder om du faktisk meiner det du skriv, før du publiserer. Hugs språkbruk.

– Hatefulle ytringar og personangrep er ikkje greitt.

– Hugs at verda ikkje er svart-kvit, men fargerik og komplisert.

I den kommande tida utfordrar eg deg til å bruke stemma di til å gjere verda til ein betre stad – gjennom saklege, reflekterte og nyanserte ytringar. Godt nytt år.