Torsdag 12. desember 2019 la britiske veljarar grunnlaget for at Storbritannia går ut av EU i 2020. Same kvelden vedtok fleirtalet i Ålesund kommunestyre grunnlaget for ein felles språkleg praksis i eigen administrasjon. Det første kan dele eit rike. Det andre kan samle ein region om ein byggjer på erfaringar som no faktisk er felles.

Like frå sommaren 2015 til utgangen av 2019 gjekk eit ordskifte i fire aviser på Sunnmøre om administrasjonsspråket i den nye storkommunen Ålesund frå 2020. 239 personar publiserte nær 300 avisartiklar og ei mengd innlegg i kommentarfelta. Ein av fem debattantar var kvinne, og 14 personar stod bak over 40 prosent av stykka.

I det årelange ordskiftet glei fem saker over i kvarandre: reiseliv, regionreform, fylkeskommune, kommunenamn og -våpen. Det tok til med spørsmål om marknadsføringsspråket i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og enda med 41 røyster mot 35 røyster i Ålesund kommunestyre.

Det stod mellom nynorsk og «nøytralitet» i ein debatt prega av fem tilnærmingar: Kva språk fleirtalet av innbyggjarane skriv privat, omsynet til dei kommunalt tilsette, språkleg og kulturell identitet, kva språk dei ulike kommunane alt har som vedtak eller praksis, og kva språkpolitisk rolle ein kommune bør ha utanfor eigne grenser.

Nøytralitetstilhengjarane rekna seg som eit fleirtal, men kjende seg som eit mindretal.

Dei bygde mest på kva språk innbyggjarane i kommunen bruker privat, rett nok utan påliteleg dokumentasjon. Nynorsktilhengjarane argumenterte på si side mest med identitet og den aktørrolla ein kommune bør ha i politiske spørsmål. Dermed snakka ein ganske konsekvent forbi kvarandre.

I denne debatten var roller bytta om. Den intensjonsavtalen som kommunestyra hadde godkjent, gjorde at nynorskbrukarane kunne sjå seg som ein del av eit fleirtal. Særleg for organiserte målfolk er det eit særsyn. Like uvanleg var det for bokmålsbrukarar å måtte erkjenne at her handla det ikkje om bokmål eller nynorsk, men nynorsk eller «nøytralitet». Kjensla av ikkje å nå fram gav seg uttrykk i alt frå postulat om «diktatur» og «tvang» og «diskriminering» til insisterande argumentasjon om «identitet» og «tradisjon». Alt dette kjende nynorskbrukarane att frå eigne situasjonar og tallause opplevingar.

Nynorskbrukarar flest har kjent på presset for å skrive bokmål i staden for sitt eige språk. Det presset var større for nokre tiår sidan. Då eg sende dei første lesarbreva mine som 13-åring til bladet Aktuell, stod det klart for meg at eg måtte skrive bokmål for å få noko på trykk. Eg voks opp i eit sterkt nynorskmiljø, men det var altså ikkje nok. Den dag i dag er der nynorskbrukarar som trur dei ikkje kan bruke språket sitt når dei ytrar seg offentleg. Dén erfaringa manglar bokmålsbrukarane, alle som ein.

Ordet «tvang» blei misbrukt i debatten. Med få unntak er norsk språkpolitikk tufta på lokale folkerøystingar og vedtak i lokale folkevalde organ. Det er lett å forstå ubehaget ved det som blir oppfatta som tvang, men i tilfellet Ålesund må ingen innbyggjar skrive noko anna enn ein har gjort før. Kvar og ein får svar på eigne brev og førespurnader på deira eige språk. Det har ikkje nynorskbrukarane i Ålesund vore vane med, neppe heller bokmålsbrukarane i dei fire landkommunane.

Nordmenn er i skiftande språklege fleirtal og mindretal, alt etter kvar ein veks opp, arbeider og buset seg. Frå talarstolen i kommunestyret 12. desember fortalde ei fortvila mor om møtet med regelverk og usaklege svar frå kommunen sin då ho prøvde å få til bokmålsklasse for barna sine. Tusenvis av nynorskforeldre er blitt møtte på same måten landet rundt. Det er vanskeleg å få oppfylt sine språklege rettar slik opplæringslova er forma, men det går mest ut over nynorskbrukarane. Dei bur i kvar einaste kommune i Noreg, men er oftare i mindretal i sine lokalsamfunn.

I avisspaltene og kommentarfelta frykta mange bokmålsbrukarar at deira språk var i fare, og dermed deira identitet. Alle som er i språklege mindretal, vil kjenne på dette. Litt foruretta peika bokmålsbrukarar på at også dei har sin språklege identitet. Knapt noko var lettare å ta inn for nynorskbrukarane, og difor la dei stor vekt på dei språklege rettane kvar innbyggjar skal ha.

Same kva kommunestyret vedtok om skriftspråk, ville det berre gjelde dei kommunalt tilsette. Då nynorsktilhengjarane understreka dette, gjorde nøytralitetstilhengjarane saka mest til eit spørsmål om valfridom for kommunalt tilsette.

Årsmeldingane frå kommunane for 2018 viser at dei då hadde 5490 tilsette, og at sju av ti tilsette arbeidde i dagens Ålesund kommune. Dreg ein frå tilsette i landkommunane, alle lærarane som skal handtere begge dei norske skriftspråka, og tilsette som skriv lite i arbeidet sitt, handla tilsette-argumentet neppe om stort meir enn 1000 bokmålsskrivande personar. Dei utgjorde 1,5 prosent av innbyggjarane og mindre enn 20 prosent av alle kommunalt tilsette. Ein snakka ofte om eit påstått (og sannsynleg) fleirtal av bokmålsskrivande blant innbyggjarane, men var mest opptekne av eit mindretal blant dei kommunalt tilsette.

I den avsluttande, korte debatten i kommunestyret forsikra fleire i mindretalet at spørsmålet om nynorsk eller «nøytralitet» ikkje var ein konflikt mellom by og land. Den meldinga kom seint, for i fleire år hadde tilhengjarane av «nøytralitet» hatt blikk for lite anna enn praksis i dagens bykommune. Det viste seg å vere mykje navlelo i Brosundet.

Eg kjenner meg trygg på at vedtaket i rådhuset kan forme ei språkbru over Brosundet og bli eit symbolsk bindeledd mellom bygd og by. Det er to ting nynorskbrukarane ikkje har hatt for vane å gjere i den norske språkstriden. Dei har sjeldan gått inn i offerrolla og søkt sympati på det grunnlaget, og dei har aldri teke hemn når dei har hamna i posisjon med eit fleirtal i ryggen. Til det veit nynorskbrukarane alt, iallfall meir enn bokmålsbrukarar flest, om kva det vil seie å vere i mindretal, og kva ansvar fleirtal har for å ta vare på rettane også til mindretalet. Det kjem til å gå betre på Sunnmøre enn i Storbritannia.