Mange av oss har opplevd at nye læreplanar har sett dagens lys. Årsakene til at dette skjer kan vere fleire. Samfunnet vi lever i endrar seg og behovet for å endre innhald og prinsipp i læreplanane melder seg. Ny pedagogikk og nye læremåtar skal utprøvast. Sentrale politikarar skal dessutan plante sine minnesmerke i norsk skulesoge. Vi har eksempel på fleire slike. Skulereformer har vore vellukka, skulereformer vil vi helst gløyme. Ikkje alt nytt er godt nytt. Slik er det sikkert på fleire av våre livsområde.

Dette fekk meg til å reflektere litt over milepælane i norsk skulesoge. Det finst eit utal større og mindre slike pelar! Her vil eg ta med litt, men først noko om læreplanane som kjem i 2020:

* Fagfornying og større fordjuping i færre emne. EINIG

* 3 tverrfaglege tema: Demokrati, berekraftig utvikling, livsmeistring/folkehelse. EINIG

* Delvis fjerning av sidemålskarakteren: STERKT UEINIG – norskfaget med hovudmål og sidemål bør styrkast slik eg ser det.

* Fleire fag vert meir praktiske. EINIG, endå meir av dette trengst!

* Svekka undervisning om kristendomen – fryktar eg!

* Meir leikprega læring. Dette er eg tvilande til med unntak av 1.–2. klasse.

* Meir rom for alt vi har av nytt innan det digitale! EINIG

* Skuletida skal ikkje endrast – ingen pluss eller minus.

* Skular finn vi i Norge frå ca. 1150 – vidare katedralskular – latinskular m.m.

* 1739: Første skulelov – kristendom – lesing – skriving – rekning. Omgangsskular.

* 1827: Lov om allmueskular på landet- krav om nokre faste skular

* 1860: Fastskulelova. Faste skular vart vanleg Eit stort løft.

* 1875: Amtskular

* 1889: Folkeskulelovene, Den første normalplanen for folkeskulen.* 1910: Volda gymnas første landsgymnas på landsbygda

* 1922/1925: Normalplanar for landsfolkeskulen – byfolkeskulen.

* 1936: Folkeskulelovene.

* 1939: Normalplanar med arbeidsskuleprinsippet!

* 1959/1960 Folkeskulelov – Læreplan med forsøk med 9-årig skule.

* 1969: Lov om grunnskulen – skulegangen utvida til 9 år.

* 1973: 5 dagars skuleveke

* 1974: Mønsterplan 1974

* 1987: Mønsterplan 1987

* 1994: Reform 1994 rett til 3 år vidaregåande skule

* 1997: Reform 97 med ny læreplan – utvida til 10-årig grunnskule

* 2006: Kunnskapsløftet – nye læreplanar grunnskule/v.g.skule. Basisfaga styrka.

* 2020: Vi får nye læreplanar jf. innleiinga.

Eg vonar at skulepolitikarane har lært av det som historia på dette særs viktige samfunnsområdet. Ikkje alt har vore vellukka, feilspor og feilval er gjort. Lett for meg å seie i ettertid, vi kjenner verknadene. Nye planar trengst tid om anna, men mykje av det vi har hatt bør slett ikkje skrotast. Eg ønskjer grunnskule og v.g.skule lukke til med endringane som kjem frå 2020.