Bør Mellomkirkelig råd drive politikk? Når dei no sender brev til regjeringa med denne ordlyden er dei på ville vegar. Dei skriv at Granavolden-plattforma gjev Israel ein særstatus og at: «Dette pålegger Norge et særlig ansvar for å reagere sterkt og tydeleg overfor Israels vedvarende og alvorlige brudd på folkeretten».

Så vil og MR at regjeringa skal ta avstand frå USA si støtte til «Israels ulovlige bosettingspolitikk».

Eg vil hevde at USA er på rett kurs nettopp til internasjonal rett. Denne retten er etablert i San Remo og Palestinamandatet art 6 og 11 som gjev jødane rett til tett busetjing. FN-resolusjonar seier andre ting, men etablerer ikkje nokon folkerett.

Genèvekonvensjonen som dei viser til er ikkje av betydning fordi den omhandlar tvangsflytting av folkegrupper, ikkje bustadbygging. Norge fekk Svalbard på same tid og måte som Israel fekk sitt land i San Remo i 1920. Dersom ikkje Norge passar seg så kan Russland kome å krevje Svalbard på same grunnlag som MR no vil at Israel skal gje frå seg Samaria og Judea.

Mitt råd til MR er: forsett med teologiske spørsmål på Bibelen sitt grunnlag, gløym politikken. Den kan andre ta seg av.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!