Om artikkelen «Kommunisten Fjørtoft», publisert i Sunnmørsposten 7. juni 2008, den ligg no på Google.

Det er tydelegvis folk sine kjensler som skal bestemme kva som er sant og ikkje sant, ifølgje debattredaktør Røsvik i Sunnmørsposten. Eg har nettopp snakka med han i telefonen. Han vil ikkje slette den omskrivne artikkelen i Sunnmørsposten, skriven av Svein H. Hanken og Rolf Erik Tveten frå Høgre i Ålesund.

«Det er umogleg», sa debattredaktøren, han forsvarte at Sunnmørsposten trykte den og la den ut på nett. Sjølv ein unge vil skjøne at sletting er teknisk mogleg, viss ein vil.

I artikkelen står det: «Når vi leser hva Kari Fjørtoft fra Rødt skriver i Sunnmørsposten, 7. juni, får vi kalde gys nedover ryggen, og vi får assosiasjoner til både denne filmen, Sovjetunionen, Mao og Pol Pot.»

Det som gir dei kalde gys kan umogleg ha vore mi skriving om Pol Pot, leiar for Røde Khmer i Kambodsja. Eg har aldri publisert noko støtte til han og Røde Khmer. Men det var det derimot mange andre som gjorde, USA, Kina og heile det norske Storting støtta han, berre partiet SV tok avstand.

Leiinga i AKP var slett ikkje åleine om støtte, slik dei har fått skulda for seinare. Hadde denne breie vestlege støtta samanheng med at Røde Khmer var kritisk til Sovjetunionen? (Storpolitikk?) Røde Khmer var diktatorisk, fiendtleg til utdanning og industriutvikling.

Då Pol Pot styrte i Kambodsja, var det forbode å bruke briller, for då kunne folk få assosiasjonar til utdanning. Folk flest skulle jobbe på rismarkene for ei luselønn, dei fekk berre to skåler ris om dagen, det meste av risen gjekk til Kina, og så bortetter. Vietnam, med støtte frå Sovjetunionen, frigjorde Kambodsja frå Røde Khmer i 1979.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!