Ein ny song, «E e me», blei lansert etter ein konkurranse i fjor. Meininga var visst den skulle knyte saman den nye, vidstrekte Ålesund kommune.

Den songen har vi ikkje fått. I staden har byen fått ein tekst om Jugendhus, Ålesundet, Walderhaug og bybrannen. Sikkert kjekt for byen, men utan relevans for dei som bur på Ørskog, Skodje, i Haram eller på Sandsøya. Nei, ej e ikkje med.

At både tekst og tittel er skrivne på rein bydialekt, er særs ekskluderande, ja, beint fram provoserande for mange i dei tidlegare sjølvstendige kommunane.

Den nye kommunen har ingen basis i folkeviljen. Lokaldemokratiet og folkerøystingar blei som kjent ignorert, og i Ålesund fekk berre 1.000 av 33.000 røysteføre uttale seg, og det pr. telefon. Songar eller arrangement der elevar får skulefri og blir bussa til fest i byen for å hylle ei samanslåing få ønskte, kan ikkje bøte på det.

Her kan du høyre den nye kommunesongen:

Det skal ekte engasjement, kjærleik eller takksemd til om ein song skal verte eit uttrykk for felles identitet.

Heimstadsongane er det, for dei er dikta i kjærleik til eiga bygd eller eigen by, ikkje til ein konstruksjon etter tvang frå Sanner og Høgre.

Fedrelandssongen er det, laga i glede over fridom og sjølvstende.

Møre og Romsdal fylkeskommune skaffa seg også eigen song, dikta på nordmørsdialekt! Kor mange ålesundarar har sunge den og hatt kjensla av samhald og felles identitet på tvers av fogderigrensene? Eg tippar om lag like mange som det blir på bygdene om dei skal knote byspråket i den nye ålesundssongen.

Kanskje har ikkje diktaren heller så stor tru, for i refrenget skriv ho:

«For alle oss som har kalt d hjem,e og du og alle dem som vasom e, dem som no skal bli kan si«Ålesund, no e du mi ei lita stund».

Det er kjekt å sjå nye, unge skribentar og eg gratulerer byen med ny song, men ein song for storkommunen er det ikkje. «Ej e ikkje med».

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!