Gunnar Herfjord set i et debattinnlegg i jula fokus på sykkelruter i Ålesund. Han meiner fleire alternativ på strekninga Campus - sentrum må utgreiast. Det kan derfor vere greitt å samanfatte føringar som ligg i allereie vedtatte planar, og kva som no blir greidd ut vidare før konkrete tiltak som skilting og sykkelfelt blir behandla politisk.

I kommuneplanens arealdel (2017), er det to hovudtraséar for sykkel over Nørvøya mot sentrum.

Ein nordleg trasé (A): Følgjer Borgundvegen gjennom Campusområdet, og går nord for Kolvikbakken og Volsdalen barneskole fram til krysset med Fjellgata. Her deler den seg i eit vestgåande sykkelfelt Fjellgata – Parkgata – Løvenvoldgata, og eit austgåande i Borgundvegen - Kipervikgata på same strekning. På Aspøysida er det ei liknande deling mellom Nedre Strandgate – Ivar Aasensgate og Kirkegata-Steinvågvegen.

Ein søre trasé (B): Følgjer sjøfronten frå Nørvasund/Sørneset over framtidig miljølokk i Volsdalen (inntil dette via Sjømannsvegen) og langs sjøfronten frå Color Line til Meierikaia. På den siste strekninga er det i 2019 greidd ut ei spanande flytande løysing.

Innleggsforfattar: Sykkelkoordinator Gudmund Hoel i Ålesund kommune. Foto: Nils Harald Ånstad

A og B ikkje er alternative traséar, men framtidige parallelle traséar for ulike brukargrupper. Den sjønære traséen B kan i tillegg til rekreasjon mellom anna vere et godt alternativ for trenings- og arbeidsreisesyklistar frå områda aust for Nørvasund, medan trase A vil vere meir aktuell for til dømes skulevegsykling og sykling frå bustadområda på Nørvøya til og frå sentrum og Aspøya.

For trasé A har det vore diskutert om delt einvegskøyring gjennom sentrum er rett løysing. Derfor blei det i 2017 starta eit utgreiingsarbeid, der moglege traséalternativ frå Volsdalen til Steinvågbrua blei vurdert. Norconsult, som utførte arbeidet i samarbeid med kommunen, testa alternativa opp mot ei rekke kriterium som stigningsforhold, lesbarheit, skoleveg, konflikt med andre trafikantgrupper og opplevd miljøkvalitet.

Konklusjonen var at ei delt løysing som vedtatt i kommuneplanen ikkje er fornuftig – særleg når det gjeld til lesbarheit, skilting og drift. Ut frå ei grundig vurdering blei Fjellgata – Parkgata – Løvenvoldgata tilrådd av Norconsult som hovudtrasé aust for sentrum, og Kirkegata – Steinvågvegen vest for sentrum, men nærare avklaring av løysing og tiltak må fastleggast i ein samla gatebruksplan der alle trafikantgrupper og gateparkering er med.

Mogelegheitsstudiet blei lagt fram for plan og byggesaksutvalet 13.03.2018, med forslag om å revidere det delte trasévalet gjennom sentrum i tråd med Norconsult si tilråding. Utvalet vedtok samrøystes å sende forslaget ut på høyring, samt at før ein tar stilling til forslaget «ønsker man en nærmere konsekvensutredning av hva dette medfører for beboere og næringsdrivende langs foreslått trasé, både knyttet parkeringsforholdene og eventuelt øvrige restriksjoner for trafikken i området».

Etter høyring våren 2018 kom det inn ei rekke innspel. Vidare oppfølging vil skje gjennom gatebruksplanen med konsekvensutgreiing. Gatene i Ålesund er berre 12,5 meter breie, det er ikkje plass til bussar, sykkelfelt, biltrafikk og parkerte biler i same gate, ein gatebruksplan er ein plan for å fordele og prioritere dei ulike trafikantgruppene i gatenettet. Ålesund kommune er saman med involverte etatar og handelsinteresser i startgropa for ei parkeringsutgreiing, som saman med sykkelutgreiinga vil gi viktig input til gatebruksplanen.

Viktige tema i denne blir korleis vi kan finne smarte måtar å avvikle trafikk og parkering – både i dagens situasjon, og med ei framtidig ny bru over og tunnel under Brosundet. Kan einvegskøyrde bygater gi meir plass til mjuke trafikantar, og samtidig god framkomelegheit for køyrande bussar og bilar? Kan vi lære av andre byar som har kome eit skritt lenger enn oss, både når det gjeld parkeringsløysingar, gatebruk og kollektiv- og sykkelsatsing?

Vedtaket om ein trasé langs sjøfronten ligg fast. Nærare avklaring av kvar den gjennomgåande traséen frå Volsdalen til Steinvågbrua skal gå, blir først endeleg fastlagd i den politiske behandlinga av gatebruksplanen. Alt heng saman med alt, og ingen har fasit på kva som er rett løysing før dette grunnlagsarbeidet – som nok vil ta mykje av 2020 – er gjort. Samtidig skal vi sjå på rimelege straksløysingar, regulere ferdig sykkeltraséen gjennom Campus og Volsdalen og sjå på dei langsiktige mogelegheitene for sykkeltraséar mot Ålesund sine nye bydelar i aust og nord.

Det er slett ikkje berre i Ålesund tiltak for sykkel vekker debatt, men vår tronge gatestruktur gjer ikkje utfordringane mindre. Men på eitt eller anna tidspunkt må Ålesund våge å prøve ut konkrete løysingar også i sentrum. Den vakre byen vår fortener det. Og heldigvis er gatebruk reversibel.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!