At ein ikkje forstod alvoret i trygdeskandalen i tide, er ikkje eit godt nok forsvar for å sleppe å bere ansvar for uretten som er gjort.

Eit hovudspørsmål er nemleg kva Nav og Arbeids- og administrasjonsdepartementet burde gjort for å forstå. Allereie då Trygderetten i 2017 varsla Nav første gong, burde alarmen gå. Det gjorde den ikkje. Uretten fekk halde fram.

Fleire titals offer vart uskuldig dømde etter dette. At dei ikkje hadde forstått var ikkje eit godt nok forsvar for nokon av dei dømde. Då bør det heller ikkje vere godt nok for dei øvste ansvarlege for skandalen.

Sentralt i høyringa i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité torsdag og fredag var spørsmålet om ein burde ha reagert tidlegare. Tidlegare riksadvokat Tor-Aksel Busch var den som tydelegast svarte ja.

Han hevda at dersom han hadde blitt varsla då Trygderetten i 2017 først slo fast at Nav feiltolka regelverket, kunne så mange som 33 av 75 justismord vore unngått.

Nav lytta ikkje til Trygderetten. Nær halvparten av alle dømde vart stilt for retten etter dette tidspunktet. Sjølv ikkje då Nav før jul i 2018 forstod at dei hadde gjort feil, slutta dei med det.

Departementet slo heller ikkje storalarm då det feilen vart kjent. I høyringa hevda arbeids- og administrasjonsminister Anniken Hauglie (H) at dei ikkje forstod at det også kunne vere snakk om straffesaker.

Det held ikkje. Alle sakene gjekk under same regelverk, og «regelbrot» vart møtt med to reaksjonar frå Nav. Dei minst alvorlege vart møtt med tap av trygderettar og krav om tilbakebetaling. Dei mest alvorlege vart sende til politiet.

I gjentekne «skrytemeldingar» om jakta på trygdesvindel har Nav forstått dette. At dei ikkje forstod eller gjorde noko for å forstå det då dei vart tekne med buksene nede, er for alvorleg til at trygdeskandalen blir gjort til eit svarteperspel der alle peikar på kvarandre.

Men det er det som skjer.

Hauglie peika i høyringa på Nav sitt ansvar, Nav-direktør Sigrun Vågeng peikar på avgått ytelsesdirektør Kjersti Monland. Monland har i sin tur peika på Hauglie, som ho meinte gav ryggdekning for den urette lovforståinga gjennom ei regelinnstramming tidleg i 2018 - etter at Trygderetten hadde varsla om feilen.

Sjølv om det er mange som bør kritiserast for den uretten som er gjort, i alle fall sidan 2012, er dette eit uverdig spel i ei sak som kan omfatte så mange som 75 justismord.