Vi har starta på eit nytt tiår, vi skriv 2020. Overgangen til nytt år denne gongen markerer eit større skifte for mange rundt i landet vårt. 422 kommunar har minka til 356. Mange av oss høyrer heime i ei av dei største samanslåingane Ålesund, Haram, Skodje Ørskog og Sandøy utgjer no ein kommune med godt over 65.000 innbyggjarar.

Det har vore opningsfest for den nye kommunen i ein av storhallane uti byen. Mange tok del, mange markerte positive haldningar, medan andre var meir reserverte. I SMP si reportasje frå hendinga merka eg meg eit av hovudargumenta til ordførar Aurdal for kommunesamanslåinga:

Å bruke pengar som pressmiddel i arbeidet med kommunereforma har gjort det nødvendig å følgje Regjeringa si pipe, denne gongen - og truleg er dette slett ikkje siste gongen vi får oppleve denne forma for styring frå Oslo.

Ta heile landet i bruk.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!