Kvar gong eg har fått time med tannlegen min, eller på det lokale legekontoret, får eg ein SMS på mobiltelefonen min med opplysing om stad, dato og klokkeslett. Ei verkeleg god teneste for alle som har slik telefon. Slik var det tidlegare også når eg fekk innkalling til Ålesund sjukehus, der fekk eg i tillegg også skriftleg innkalling i posten.

Dette er no endra, truleg i samband med innsparingstiltaka. No får eg framleis melding på telefonen, melding om at eg fått time på sjukehuset, men ikkje når eg skal møte! Nei meldinga fortel at eg kan logge meg inn på «helsenorge.no for å se mer».

Det skal misanten ein godt betalt kommunikasjonsdirektør til for å overtyde meg om at denne endringa er til pasientens beste. Ikkje trur eg heller at det avlastar sjukehuset i arbeidet med å informere meg om den tildelte timen der. Sjølvsagt forstår eg at slike ting kan gjerast automatisk, men er det naudsynt å «kryptere» meldinga om tildelt time på denne måten? Slik at eg og alle andre må «logge oss på» ein datamaskin eller avansert mobiltelefon, med bank id-brikke eller andre finurlege identitetsbevis?

Eg kjenner mange eg, som ikkje kan, eller har lyst til å «logge seg på» elektroniske remediar i utrengsmål. Og dette må kunne seiast å vere ei heilt bortkasta øving for meg og dei aller fleste. Den som har funne på dette kan umogleg ha sett seg inn i mottakaren sin situasjon, eller vurdert om det er naudsynt å vise kva ein datanerd kan greie å lage.

Truleg vil denne måten å melde frå om tildelt time føre til mange telefonar frå pasientar som ikkje vil «logge seg på», men heller tek ein telefon. Om talet på pasientar som ikkje møter til tildelt time vil auke, kan eg sjølvsagt ikkje hevde, men mistanken er der. Kanskje det er derfor at gebyret for ikkje å møte opp er auka vesentleg?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!