I 2004 fekk Lokaldemokratikommisjonen under leiing av daverande ordførar i Stavanger, Leif Johan Sæveland (H) i oppdrag å analysere og vurdere vilkåra for og utforminga av lokaldemokratiet. Eg var så heldig å få representere Senterpartiet i kommisjonen. Den eine NOU-en tok for seg vilkår for deltaking og engasjement. Den andre, som vart kalla «Samspill og tillit», tok for seg forholdet mellom staten og kommunane.

Kommisjonen meinte at ein føresetnad for auka engasjement i lokalpolitikken var at samspelet mellom stat og kommunar er godt, og at det blir laga eit større og tydelegare lokalpolitisk spelerom. Kommisjonen foreslo mellom anna grunnlovsfesting av det kommunale sjølvstyret, større fridom for kommunane i skattepolitikken og tiltak for å styrke samspelet mellom kommunesektoren og staten.

No-situasjonen

Korleis har det gått i dei 15 åra etter at kommisjonen kom med sine råd? Stortinget har grunnlovsfesta det lokale sjølvstyret. Kommunelova slår fast tre prinsipp: At det kommunale sjølvstyret bør ikkje avgrensast meir enn nødvendig for å ivareta nasjonale mål, at offentlege oppgåver bør leggjast til forvaltningsnivået som er nærast innbyggjarane og at kommunesektoren bør ha frie inntekter som gjev økonomisk handlingsrom, innanfor ramma av nasjonal økonomisk politikk. Men kva er praksis? Erfaringa frå dei siste åra, det siste lokalvalet og dei siste budsjettprosessane i kommunar og fylke i heile landet i haust, og ikkje minst situasjonen i helseføretaka, tilseier vel at lokaldemokratiet har tapt ytterlegare posisjon. Og kven er det i så fall bra for?

Pulverisering av ansvar

Kommisjonen ville ha ei klargjering og vurdering av ansvaret for velferdstenestene, slik at veljarane skal kunne sjå kva nivå som er ansvarleg for kva. For kommunane er det eit problem at velferdsytingane krev ein stadig større del av budsjettet, samtidig med sterkare statleg detaljstyring. Dette er med og avgrensar det kommunale sjølvstyret drastisk. Denne regjeringa har systematisk auka individuelle rettar og byråkratisert velferdstenestene og pulverisert det politiske ansvaret. Helseforetaksmodellen og flytting av avgjerder frå folkevalde til direktorat er typiske eksempel. Folkevalde på lokalt og regionalt nivå har ikkje noko dei skal ha sagt når innbyggjarane sine interesser blir truga. Sjå til vindkraftutbygginga på Haramsøya. Når ambulansetenesta i Finnmark ligg nede, er det eit selskap som er eigd av dei regionale helseføretaka og med eit styre som «anerkjenner det omfattende arbeidet som er knyttet til planlegging og gjennomføring av operatørbyttet» som har «ansvaret.

Økonomi

Økonomisk handlingsrom er ein viktig del av det kommunale sjølvstyret. Kommisjonen ba «om at det utvikles et system som sikrer at nye statlig initierte reformer som skal iverksettes av kommunene er tilstrekkelig finansiert. Kommisjonen ber dessuten om at balansen i kommuneøkonomien gjenopprettes.» Det har ikkje vore så vanskeleg kommune- og fylkesøkonomi på 15 år seier kommunane sin interesseorganisasjon. I vårt fylke kan vi vise til at ferjedrifta vår er underfinansiert med over 150 mill/år. Det er like ille i andre kystfylke. Men statsråden for samferdsel meiner Møre og Romsdal har fått nok pengar. Fylket har ikkje eigne inntekter ut over billettinntekter. Staten avgjer kor mykje pengar vi får til all drift og til alle nye investeringar. Denne regjeringa har også fråteke kommunane mykje av den lokale eigedomsskatten og syslar med tanken på enda større sentralisering av skatteinntektene på naturressursane. Det er ikkje samsvar, ikkje samspel og ikkje tillit, verken når det gjeld økonomi eller ansvar.

Samtidige val

I 2017 stemte folk i Møre og Romsdal blått, og vi fekk ei regjering utgått frå H og FrP. Ved lokalvalet i haust var dette snudd til meir raudgrøn politikk og meir distriktspolitikk. Men både i fylke og i kommunar må vi innrette oss etter stortingsfleirtalet. Ein sit altså med eitt politisk fleirtal lokalt og eit heilt anna på Stortinget, og lokalpolitikarane må administrere ein annan politikk enn dei gjekk til val på. Det blir mindre overføringar til kommunale velferdstenester med ei H/FrP-regjering enn med eit raud-grønt fleirtal.

Folk flest bryr seg ikkje om kva politisk nivå som har ansvar for kva. Dei vil berre ha saker løyst. Viss det ikkje blir klargjort kven som har ansvar, har det inga meining å skilje mellom lokalval og stortingsval. Eit mindretal i kommisjonen, deriblant eg, gjekk inn for felles valdag for stortings-, fylkestings- og kommunestyreval. Felles valdag er eitt av få tiltak som vil auke valdeltakinga og kan sikre heilskapsperspektivet på politikken. Kommunale oppgåver kjem i fokus også ved stortingsval. Statsrådar og stortingspolitikarar besøker sjukeheimar, skular og barnehagar og veit best korleis kommunane skal løyse enkeltsaker både ved lokalval og stortingsval. Ein felles valdag ville tydeleggjort ansvaret mellom dei ulike styringsnivåa, disiplinert politikarane og skapt større forståing rundt viktige problemstillingar som må løysast i samarbeid mellom forvaltningsnivåa. Eg trur felles valdag ville auka tilliten mellom stat og kommunar og tilliten til dei folkevalde og dei politiske partia på alle nivå. Det ville også blitt lettare med politisk ansvarsutkrevjing.

Borgarplikt

I dag er det enkeltsaker og enkeltsaksaksjonar som får merksemd, medan stadig færre orkar å engasjere seg i organisasjonsarbeid og politisk arbeid. Det burde vore ei borgarplikt å delta i eit kommunestyre eller fylkesting ein periode. Det ville auka mangfaldet, ført fleire stemmer inn i politikken og gjort politikken meir til allemannseige og mindre til karriereklatring. Det ville heilt sikkert gjeve betre løysingar, betre forankring og betre forståing for alle dei samansette utfordringane som skal løysast i eit samfunn.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!