Kvar tredje tilsett ved sjukehusa klagar over for høg arbeidsbelastning. Skal vi løyse dette med å «jobbe smartare» er det heilt andre enn dei tilsette på sjukehusa som må få opp farta.

I sjukehustalen tirsdag la helseminister Bent Høie (H) nettopp stor vekt på dei tilsette sin situasjon. Han understrekar at han tar situasjonen deira på alvor. Samstundes gjer han det klart at meir pengar ikkje er heile svaret på problemet.

Han har sjølvsagt rett. Betre måtar å organisere arbeidet på, ny teknologi og styrka satsing på kompetanse er heilt avgjerande.

Problemet for dei tilsette er at vi heile tida tar ut gevinstane av dette før dei er realiserte. Dette må vi snu om på. Om vi held fram slik vi gjer i dag, må dei tilsette alltid bli pressa til å springe fortare og fortare.

Dette er ein dårleg medisin for eit helsevesen som allereie i dag slit med store rekrutteringsproblem. Prognosane til SSB fortel at vi om 15 år vil mangle tett på 30.000 sjukepleiarar om vi ikkje gjer drastiske grep.

Ei av dei store utfordringane er at altfor mange sjukepleiarar sluttar etter kort tid i yrket. Å betre arbeidskvardagen til dei tilsette vil altså gje store gevinstar, og gjere jobben med å utdanne nye enklare og mindre.

Men skal vi lette belastninga på dei utan berre med å sprøyte inn meir pengar, må vi få opp farta på innovasjon og innføring av ny teknologi og nye arbeidsmetodar. Og vi må trygge gevinstane av dette før vi krev nye og betre resultat frå.

Det kjem ikkje av seg sjølv. Skal vi vente på at dei gode løysingane spreier seg sjølv ved å risle frå føretak til føretak, går ikkje dette særleg fort.

Det er nok av døme på innovasjon og gode, nye løysingar ved enkelte sjukehus og i det enkelte helseføretak. Problemet er at det tar altfor lang tid å spreie dei gode løysingane. Då tar det også lang tid før dei tilsette kan hauste gevinsten av dette i form av ein betre arbeidskvardag.

Her må helseministeren ta sterkare styring.

Vi kan ikkje ha det slik som vi ser til dømes med utviklinga av nye digitale løysingar, slik som milliardsatsinga Helseplattformen i Helse Midt-Norge.

Her legg statsråden med opne auge opp til at dei regionale helseføretaka skal lande på ulike løysingar, trass i at behova er dei same.

Gode løysingar som kan vere nasjonale, bør gjerast nasjonale. Det er eit sentralt ansvar å sørge for at det skjer.