Sunnmørsposten – og andre – fargelegg ei aktuell historie litt vel mykje: Ei norsk mor med eit sjukt barn som må bergast.

Ei innvandra kvinne fekk norsk statsborgarskap. Men lik det eller ikkje: Norsk statsborgarskap er ikkje det same som å kjenna seg eller vera norsk.

Det som så tyder noko, er kva val ho gjorde seinare – trua gav henne bakgrunn eigna for fanatisme.

Så greidde ikkje Allah å sikra IS siger. (Det er beviseleg usant at Koranen er ord frå ein gud = den er oppdikta. Den muslimske Allah eksisterer berre i den oppdikta boka og nokre avleggarar, og har nok lite makt.) IS tapte. Ho enda som enke i fangeleir.

Då vakna interessa for Noreg att? Men ei kvinne som hadde sagt farvel til Noreg til fordel for eit terroristland, var lite velkomen tilbake – særleg etter det vart klart at IS-kvinner hadde vore aktive og torturistar. Men NAV-pengar og godt liv er trekkplaster. Ja, sjølv norsk fengsel er Hilton samanlikna med muslimsk flyktningleir – sjølv om fleire muslimske land flyt i olje (men stør militante grupper i staden for trussyskjen i naud).

Men, nei! Då vart ho sittande att i vanskeleg situasjon! Koranen seier rett ut at ein kan bruka alle midlar for å vinna: "Ikkje barnet utan meg!!" Ei mor frå ein terroristorganisasjon, som brukar sitt eige alvorleg sjuke barn som brekkstong for betre liv og økonomi for seg sjølv, i staden for å la det koma til sjukehus – har Noreg bruk for slike?

Å vera snill, er god ideologi. Men også å ta vare på nasjonen er god ideologi – og å gje barneborna trygg våre framtid det same. Berre 1 person? Ein fanatisk person – eller barn av ein fanatisk person om nokre år – + sprengstoff i ei fullsett kyrkje eller ved oppstilling av 17-mai tog? Kva med utryggleiken slik fare lagar? Einkvar journalist og politikar bør lesa Koranen – faktiske feil, religiøs og anna rasisme, rasistisk vald, etc. – så dei veit kva den og bokstavtru Islam står for.

Når gode prinsipp kolliderer, er ikkje det rette å ri sin gylne kjepphest. Ein må vega dei forskjellige prinsippa mot kvarandre, og så ta avgjerder. Av og til harde avgjerder.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!