Lesarinnlegg:

«Hjarte utan hjerne?»

Meninger

Sunnmørsposten – og andre – fargelegg ei aktuell historie litt vel mykje: Ei norsk mor med eit sjukt barn som må bergast.

Ei innvandra kvinne fekk norsk statsborgarskap. Men lik det eller ikkje: Norsk statsborgarskap er ikkje det same som å kjenna seg eller vera norsk.

Det som så tyder noko, er kva val ho gjorde seinare – trua gav henne bakgrunn eigna for fanatisme.

Koranen seier ein skal vera bokstavtru, for boka er påstått diktert av ein allvitande gud, og ingen kan fortelja eller forklara rettare kva ein gud meiner, enn guden sjølv. Ho vart bokstavtru – det folk som ikkje kjenner Koranen, trur er radikalisert, men som er den standarden Koranen og Muhammed sine ord og føredøme set. Kvinna sa nei til Noreg, og valde i staden bli borgar av "kalifatet" til IS. Dette er realiteten, sjølv om ho ikkje sa frå seg norsk statsborgarskap. Ho gifta seg og fekk to born. Tenkte ho på seg som norsk, synte ho det i alle fall ikkje.

Solberg: – Ville ikke risikere at norsk femåring døde i Syria

Statsminister Erna Solberg (H) ville ikke risikere at en syk norsk femårig døde, selv om moren har deltatt i Syria.



Striden om IS-kvinnen

Karakteriserer Solberg som klossete og arrogant

Frp-opprøret retter seg nå direkte mot statsminister Erna Solberg. Fylkesleder Frank Sve karakteriserer Solberg som klossete og arrogant.


Så greidde ikkje Allah å sikra IS siger. (Det er beviseleg usant at Koranen er ord frå ein gud = den er oppdikta. Den muslimske Allah eksisterer berre i den oppdikta boka og nokre avleggarar, og har nok lite makt.) IS tapte. Ho enda som enke i fangeleir.

Då vakna interessa for Noreg att? Men ei kvinne som hadde sagt farvel til Noreg til fordel for eit terroristland, var lite velkomen tilbake – særleg etter det vart klart at IS-kvinner hadde vore aktive og torturistar. Men NAV-pengar og godt liv er trekkplaster. Ja, sjølv norsk fengsel er Hilton samanlikna med muslimsk flyktningleir – sjølv om fleire muslimske land flyt i olje (men stør militante grupper i staden for trussyskjen i naud).

Men kva med borna? Religionen hennar seier born tilhøyrer faren og hans familie, men på papiret er dei norske – mora er formelt norsk statsborgar. Det eine var til og med sjukt. Etter litt var Noreg villig til å ta det sjuke barnet.

Solberg: Terrorsiktet kvinne kommer trolig fredag

Den terrorsiktede kvinnen og hennes to barn som hentes fra Syria av norske myndigheter, ankommer trolig fredag, ifølge statsminister Erna Solberg (H).


Men, nei! Då vart ho sittande att i vanskeleg situasjon! Koranen seier rett ut at ein kan bruka alle midlar for å vinna: "Ikkje barnet utan meg!!" Ei mor frå ein terroristorganisasjon, som brukar sitt eige alvorleg sjuke barn som brekkstong for betre liv og økonomi for seg sjølv, i staden for å la det koma til sjukehus – har Noreg bruk for slike?

Vel, utpressinga lukkast. Men når ein veit kva Koranen og fanatisk Islam står for, hensynsløysa til mora, og kva denne historia fortel likesinna no og i framtida, reagerer eg på Sunnmørsposten si moralisering om "berging av eit barn", og "einaste måte" utan å minna om kvifor det var einaste måte.

Sunnmørsposten mener:

«Utgangsdøra står åpen, Frp»


Å vera snill, er god ideologi. Men også å ta vare på nasjonen er god ideologi – og å gje barneborna trygg våre framtid det same. Berre 1 person? Ein fanatisk person – eller barn av ein fanatisk person om nokre år – + sprengstoff i ei fullsett kyrkje eller ved oppstilling av 17-mai tog? Kva med utryggleiken slik fare lagar? Einkvar journalist og politikar bør lesa Koranen – faktiske feil, religiøs og anna rasisme, rasistisk vald, etc. – så dei veit kva den og bokstavtru Islam står for.

Når gode prinsipp kolliderer, er ikkje det rette å ri sin gylne kjepphest. Ein må vega dei forskjellige prinsippa mot kvarandre, og så ta avgjerder. Av og til harde avgjerder.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!