Ferjefylka vil få meir pengar frå Regjeringa til våren. Nok til å fri dei frå den økonomiske ferje-floken dei står i, blir det likevel ikkje.

Samstundes som Regjeringa vurderer å dekkje meir av fylka sine ekstrakostnader til drift av nullutsleppsfartøy, vurderer den nemleg grep som også vil svekkje billettinntektene på ferjedrifta.

Eitt av spora det blir arbeidd etter no, er eit makstak for kor mykje ein ferjependlar skal måtte betale i året. Slik har ein det i fleire bompengeordningar. Det er positivt for pendlarane, negativt for fylka.

Statsminister Erna Solberg (H) vart i spørjetimen onsdag grilla om ferjer. Ho gjorde det tindrande klart at fylka sjølv må ta ansvar, og at det ikkje er aktuelt å betale fylkespolitikarane ut av knipa – eller å finansiere deira «raudgrøne påfunn», som ho seier.

Ho held likevel døra på gløtt for meir pengar i revidert statsbudsjett i mai, men berre dersom regjeringa kjem fram til at dei så langt ikkje har kompensert fylka godt nok for meirkostnadane til drift av nullutsleppsferjer.

Nye reknestykke på dette er no i gang. Fylkespolitikarar som forventar ei open pengekiste vil likevel bli grundig skuffa. Dette vil på langt nær vere nok til å fullfinansiere det driftsnivået fylket har på ferjedrifta i dag.

Regjeringa vurderer likevel grep som skal hjelpe ferjependlarar og næringsliv langs kysten står i. Innføring av autopassordninga etter statleg modell er ei årsak til kostnadssmellen. Det er difor blir eit maksimal-tak på årlege autopasskostnadar vurdert.

Blir dette konklusjonen, er det eit viktig handslag til alle som er avhengig av ferje i det daglege. For folk som bur langs kysten er det lågare billettprisar som betyr noko, ikkje fylkeskommunen sin dårlege økonomi.

For fylkeskommunane vil dette derimot slå ut motsett. Innføring av gratis ferjereiser for passasjerar har gitt eit stort inntektstap. Fleirtalet i Møre og Romsdal fylkesting skrudde opp billettprisane delvis for å dekkje inn dette tapet.

Grip staten inn med betre rabattordningar, vil det gi eit nytt inntektstap. Det må fylket må dekkje inn på andre måtar.

Staten bør ta sin del av dette. Det er ikkje rimeleg at fylka skal verte nøydde å løyse ferjefloken ved rasere skuletilbod eller skjere til beinet i kulturstøtte som bidrar til å halde liv i dei same lokalsamfunna.