Staten sine overføringar til ferjedrift på 20 samband i Møre og Romsdal er på same nivå i 2020 som i 2013. Frå 2019 til 2020 får vi auka overføring på 0,4 %. I Møre og Romsdal er det fire riksvegferjesamband. Staten dekkjer sin kostnad over statsbudsjettet, frå 2019 til 2020 ein auke på 16,5 % til riksvegferjene. Er det verkeleg berre fylkespolitikarane som prioriterer feil?

Eit samrøystes fylkesting i Møre og Romsdal, inkludert FrP, stemte i 2017 og 2018 for å auke ferjetakstane med 2 soner fordi vi ikkje lenger greidde å oppretthalde det tilbodet folk treng og samtidig fase inn miljøferjene som Stortinget har vedteke utan auka inntekter. Kostnadsauken skuldast både overgang til miljøferjer og utvida ferjetilbod for å imøtekomme nasjonale krav og lokale behov. Takstauken er på ca 16 %.

FrP har som einaste politiske parti i vårt fylke gått imot innføring av autopass, ei ordning som er iverksett av den sitjande regjeringa, og som blir innført i nabofylka og på alle statlege samband i tur og orden. Frå no nyttår også på to riksvegsamband i vårt fylke: Volda-Folkestad og Festøya-Solevågen, med takstauke på 30 % . Førebels leiar altså staten når det gjeld prisstigning i Møre og Romsdal, til autopass blir innført på fylkesvegferjer i juli. Autopass betyr gratis ferje for personar og dette påfører bilistane auka kostnader. Det er sjølvsagt eit stort problem og ein stor ekstrakostnad for pendlarar som er avhengig av bil og ikkje kan samkøyre med andre. Men det blir og enklare for mange, og med ein passasjer med i bilen blir det ingen prisauke. Viss FrP meiner autopass er ei feilsatsing, så bør det stoppast av samferdselsministeren frå FrP og regjeringa, ikkje berre vere ein protestaksjon frå FrP i Møre og Romsdal. Samferdselsministeren kan også sørge for at el-bilar betaler det samme som andre bilar som står stille på ei 0-utsleppsferje, og redusere innbetalinga frå 3 600 kr til 1500 kr for å få rabatt, slik at det ikkje berre er dei som har best råd som kan få nytte av rabattordningane.

I Møre og Romsdal har vi prioritert ferje langt høgare enn det staten meiner vi skal gjere i følgje inntektssystemet. Vi ligg over den nasjonale ferjestandarden. Vi har prioritert 0- og lågutslepp. Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har ikkje nedprioritert ferje, slik samferdselsministeren synest å tru. Vi har prioritert ferjetilbodet, nesten over evne, i lang tid, fordi det er nødvendig for næringsliv og innbyggjarar.

Møre og Romsdal har i fleire år peika på at staten underfinansierer fylkesferjedrifta, og miljøferjesatsinga spesielt. Støtte frå Staten via ENOVA er berre på 25 - 30 %.

Vår felles innsats for klimaet må vere målretta og kostnaden må fordelast rettferdig. Det er ikkje rettferdig at kystfylka med si store verdiskaping for heile nasjonen skal bere ein så stor del av kostnaden. FrP seier at fylka fekk kompensert for miljøkostnader i 2016. Det har ikkje vi sett noko til. FrP sa i 2017 at Møre og Romsdal skulle få 44 mill. kr. meir til ferjedrift i 2018. Tala viser i ettertid at det var 11 mill. kr. Vi har også tapt fleire titals millionar gjennom inntektssystemet som vart vedteke i 2019.

Frp i Møre og Romsdal stemte så seint som i april i lag med resten av fylkestinget for løyving til museum, kultur og operahus i Kristiansund, etter at regjeringa hadde prioritert dette i statsbudsjettet. FrP har prioritert å fjerne milliardar i bompengar framfor å bidra til lågare ferjetakstar. Fakta viser at hovudansvaret for prisstigninga er på staten si hand. Usosialt, urimeleg og distriktsfiendtleg så det held. Med eit auka tilskott til ferjedrifta skal vi vere dei første til å setje ned prisane. Senterpartiet foreslår på nytt å gjere noko med dette. Vi får sjå kven andre som har vilje, kven som er ulv eller får når det kjem til stykket.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalget. Foto: Staale Wattø