Fredag kunne vi lese i Sunnmørsposten at Valderøy barneskule kjem til å bryte lova for å drive innanfor budsjettrammene dette året. Det er ikkje berre denne skulen i kommunen vår som sit i eit dilemma om å bryte lova for å halde budsjettet. Det er det viktig at foreldre og politikarar veit.

Utdanningsforbundet ser med uro på økonomien i oppvekstsektoren. Eksempel på nokre problemstillingar kan vere følgjande:

*Slik situasjonen er no, manglar vi nok lærarar for å halde lova og fleire av dei som jobbar som lærarar har ikkje godkjent utdanning. Får vi tilsette etter lærarnorma?

* Det er ønskjeleg med færre spesialpedagogiske tiltak og heller meir tilpassing i klassene. Det heng ikkje saman med kutt på lærarar.

*Med den relativt nyinnførte kapittel 9-a i Opplæringslova har skulen aktivitetsplikt og krav til oppfølging. Vil skulane greie å førebygge og handtere forsvarleg situasjonar med færre pedagogar?

* Giske kommune sine satsar pr. barn i barnehage ligg under nasjonal anbefalt sats. Anbefaling seier kva som trengst for å drive ein god barnehage. Dette vil m.a. kunne føre til reduksjon i bemanning og i opningstid.

Rektorar og styrarar står i ein vanskeleg kvardag der dei får beskjed av kommunen om å halde budsjett, samstundes med at dei skal følgje lover og regelverk. Leiarane bruker mykje tid på økonomistyring, noko som kan gå ut over andre viktig oppgåver. Utdanningsforbundet ber politikarar og kommunestab om å gje einingane våre rammevilkår til å gjere ein god jobb og legge til rette for å halde på gode leiarar og lærarar i kommunen vår.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!