Norge er verdas rikaste land heiter det. Kvifor møter vi då den offentlege armoda så godt som dagleg? Det er kommunane i distrikts-Norge eg tenkjer på. Offentlege bygg forvitrar, gamle og umoderne skular, helsefarleg inneklima og symjehallar som vi ikkje har råd til å drifte. Og verst av alt, våre viktigaste kommunale fellestenester – barnehage, skule, helse og omsorg har i år etter år fått tole sparekniv og kutt i budsjetta.

Det kjem av dårleg økonomistyring og for små kommunar høyrer vi. Regjeringa meiner at meir robuste kommunar, stordrift og marknadstenking, såkalla New Public Management (NPM), er løysinga. Men dette stemmer ikkje. Både små og store kommunar slit med økonomien. Og det vert hevda av mange at kommuneøkonomien aldri har vore så pressa som i dag.

Fjorårets kommuneval er historie. Takka vere ei våken lokal presse og engasjerte bygdepolitikarar, fekk vi i vårt distrikt ein god valkamp. Lokale planar og mål fekk høg prioritet. Men etter valet er optimisme snudd til pessimisme. For nå skal det sparast har regjeringa og staten bestemt. Kommunebudsjetta skal krympast! Våre viktigaste fellestenester, som er berebjelken i velferdssamfunnet vårt: Velferdstenestene, skule, helse og omsorg må rekne med dramatiske kutt. Det er her dei store utgiftene ligg må vite. Så dette vert, som tidlegare, salderingspostar.

Innanfor ramma av den norske delen av vår nasjonalbudsjett har kommuneøkonomien i stadig større grad vorte styrt av staten. Kommunane er fråtekne mykje av den lokale eigedomsskatten. Skatteinntektene av lokale naturressursar, kraftressursar m.m. vert også sentralisert og overtekne av staten. Våre lokale folkevalde ser ut til å finne seg i dette utan større protestar.

Men det må vere vanskeleg å godta å krympe dei kommunale budsjetta med heile 15 % når vi samstundes ser at i den internasjonale delen av statsbudsjettet vert U-hjelpa auka med 7 %.

Vår rolle som humanitær stormakt, som medspelar i den pågåande globaliseringa og som ein av FNs viktigaste bidragsytarar, klimapådrivarar og fredsmeklarar forpliktar. Etter siste krig og under ulike regjeringar har nasjonalstaten Norge, med 5 mill. innbyggjarar, endra seg radikalt. Vi har prioritert globalisering og satsing internasjonalt. Med oljepengar i ryggen er vi blitt ei humanitær stormakt, «Vårt humanitær-politiske kompleks» som professor Terje Tvedt har kalla det i boka «Det internasjonale gjennombruddet». Nå spelar vi på lag med stormakter som USA, Tyskland og Storbritannia. Vi har eller har hatt bistandsprosjekt i 184 ulike land!

Senterpartiet vart valvinnar fordi dei sette søkelys på statleg sentralisering. Men den sterkaste og mest problematiske sentraliseringa – statleg kontroll over alle offentlege inntekter – fekk lite merksemd i valkampen!

Dei viktigaste fellestenestene, og dei viktigaste velferdsgoda som kommunen skal levere er skule, helse og omsorg. Det er såkalla mjuke tenester som krev tid, nærleik og individuell oppfølging. Dei er ryggmargen i og bereplanken for vårt velferdssystem. Det er det politisk semje om. Kommunane har ansvaret for at tenestene leverer. Gjer dei ikkje det bryt dei si pålagde samfunnskontrakt og gjeldande lov. Det krev beinhard prioritering i høve til kommunen sine andre oppgåver. Det skjer ikkje i dag. Barn, eldre og sjuke menneske har ikkje sterke organisasjonar og pressgrupper. Derfor vert dei budsjett-taparar.

Våre lokale politikarar finn seg i at staten sit på pengesekken og bestemmer. NPM filosofien fører til at rapporterings-, evaluerings- og kontrollregimet aukar heile tida. Men dette fungerer dårleg for dei mjuke velferdstenestene. Dei bør skjermast og få budsjettdekning uansett kva spare- og effektiviseringstiltak ein set inn for dei «harde» kommunale tenestene.

Vi har hatt helsekuttopprør, bunadsgerilja, bompengeopprør og nå ferjetakstopprør.

Her kjem ei utfordring til våre lokale politikarar uavhengig av partitilknyting: Er tida er inne for eit distriktsopprør med slagordet; Norske kommunar først!?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!