Eg viser til store oppslag i Sunnmørsposten 18. og 20. januar om nedlegging av alderspsykiatrisk døgnpost ved Ålesund sjukehus. Dette tilbodet hadde ei lang og trøblete planhistorie under fylkeskommunalt ansvar før etablering. Både faglege, organisatoriske og politiske tilhøve var årsak til det. Desse pasientane har blitt og blir dessverre framleis ofte behandla i eit uverdig «Svarte-Per»-spel.

Tilbodet i alderspsykiatri ved Ålesund sjukehus har periodevis hatt driftsproblem, dels på grunn av vanskeleg rekruttering til ein fagspesialitet som tradisjonelt har vore lite attraktiv. Situasjonen krev derfor ekstra tilrettelegging og ikkje nedlegging. Med min bakgrunn og erfaring er det freistande å skriva meir om dette, men lar det ligge. Likevel må eg så sterkt eg kan understreke kor viktig eit slikt tilbod er for denne sårbare pasientgruppa for å få eit fullgodt og menneskeverdig tilbod. Vi har etter kvart fått mykje kunnskapstilfang og erfaring innan fagfeltet som kan kome desse pasientane til gode i eit spesialistmiljø. Og ingen må vera i tvil om at trongen om fagleg hjelp innan alderspsykiatri vil auke i åra som kjem.

Mange dyktige fagpersonar og pårørande gjer ein formidabel innsats i heim og institusjon. Men eg er uroa over det ein kan sjå av likesæle haldningar i behandling av gamle. Det fører lett til mindre fullverdig eller mangelfullt og dårleg helsetilbod i ulike fagmiljø. Dette vil særleg kunne ramme gamle med demenssjukdom fordi dei er ei stor gruppe som ofte har annan alvorleg sjukdom samstundes. Utviklinga av tilbodet innan spesialiteten geriatri og etter kvart også alderspsykiatri har til fulle vist det store potensialet i godt behandlingstilbod til gamle og sårbare pasientar. Ein kunnskap og ei haldning som alle fagmiljø bør kunne lære av.

Eg skal vera varsam med å leggja meg bort i sengetal på døgnposten, bemanningssituasjonen og kostnader. Eg kjenner meg likevel trygg på at avvikling av døgntilbodet i alderspsykiatri vil få desse uheldige konsekvensane:

– Etablering av ein alderspsykiatrisk døgnpost på eit seinare tidspunkt vil bli svært vanskeleg (sml. det eg kort har sagt tidlegare om «trong fødsel» og «Svarte-Per spel».

– Tilbodet er ikkje fullverdig berre med poliklinisk og ambulant tilbod, endå dette er eit nødvendig og verdifullt tilbod overfor kommunal helseteneste. Men det vil bli svært vanskeleg – ja kanskje umogleg – å oppretthalde kompetanse og rekruttere personale i denne spesialiteten utan eit døgntilbod som «base».

– Og til slutt vil eg understreke at Ålesund, som har forplikta seg til å vera ein «demensvenleg kommune», ikkje kan stå for dette utan eit fullverdig alderspsykiatrisk tilbod ved sjukehuset som kommunen kan samhandle med.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!