Regjeringa og Jon Georg Dale må snart forstå at å skrote gassfergene, til fordel for batteriferger, er sløseri med skattepengar, og verken miljøvennleg, berekraftig eller økonomisk forsvarleg. Folkeopprøret vitnar om dette, og derfor stig no også fergeprisane til himmels. Noreg sel gass til utlandet for 200 milliardar i året, kvifor nyttar vi ikkje då gassferger? Brent gass luktar ikkje og forurenser lite, og er ei fin energikjelde.

Solberg-regjeringa, bestemte for ei stund tilbake, at dei skulle pålegge/tvinge fylkeskommunane å drive miljøvenleg fergedrift, – dvs. fase ut ferger som er drivne med fossil energi, diesel og gass, og erstatte dei med batteridrift. Etter mi meining er ikkje dette berekraftig eller etisk rett. Politikarar har ofte ikkje argument og forklaringar på politikken sin. Korleis kan eg påstå det? Jau, fordi politikarar veit nesten ikkje kva ei batteriferge er for noko, – eller korleis dei fungerer. Eg kan forklare det her for lesarane. Bla må ei batteriferge ladast døgnet rundt, for kvar einaste tur på 25 minutt – lenger varer ikkje batteria. Lite effektivitet med andre ord, – store batteri, men ein kort tur. Mykje styr for liten gevinst.

Fergeoperatørane fryder seg over milliardoverføringar frå staten. Klimakrisa i Norge, utnyttar sjølvsagt selskapa, som har fått oppdraget med, og konsesjonane på ferjedrifta. Med milliardoverføringar frå staten, så lystrar ferjeoperatørane villig regjeringa, og bestiller gladelig batteriferger. Problemet er at ei batteriferge, med 17 tonn batteri, er to-tre gongar så dyr som ei gassferge eller dieselferge, og følgjeleg må billettprisane stige til himmels. Å diskutere med ferjeoperatørane, er difor fånyttes, dei tenker på eigne overskot og vinning, slik alle private fortak gjer. Dette er milliardindustri og big business.

Miljørørsla veit ikkje alt, om miljø og batteri. Mange som har støtta miljørørsla på ulikt vis, har fått seg ein bakoversveis siste året, når dei no ser konsekvensane av fanatisk miljøpolitikk i praksis. Vindmølleutbygging mot folk si vilje, tvangs-elektrifisering og overstyring på alle plan, parkeringsplassar forsvinn, bilar skal vekk, bussruter forsvinn, avgifter skyt i vêret, distrikta skal vekk, alle må kjøpe klimakvotar osv. Flyskam, kjøtskam og no også fergeskam.

Heile elektrifiserings-trenden er ikkje miljøvenleg. Batteripakkane til fergene er bygde i Japan eller Kina, og veg til saman hundrevis av tonn, – 17 tonn på kva ferge i snitt. Desse batteria er på størrelse med fleire personbilar, er fulle av giftstoff og brannfarlege gassar, må fraktast verda rundt, mange gongar, på store diseseldrevne kontainerskip. Ei ferge vert ikkje montert ferdig på ein plass, som før, men delane og batteria vert frakta frå heile verda, – på super-forurensande skip. Før vi kan nytte batteria på våre bilar og ferger, krev det altså ein stor og energikrevjande produksjon i forkant. Energien som blir brukt kjem frå forureinande kolkraftverk. Ein må også bygge skip og infrastruktur til dette. Jern og stålutvinninga og produksjonsprosessen krev enorme mengder energi og avfallshåntering. Før du får oppleve el-drift på ferga di, og før ferga ennå har kome i drift, har batteria vi er så stolte av, allereie forureina verda styggeleg mykje.

Produksjonen er også uetisk og umoralsk. For å produsere desse batteria, må ein ha store mengder arsenikk og kobolt, som bla er utvunne av barnearbeid i Kongo. Den auka kobolt- etterspørselen, har ført til at slaveforholda i gruvene er vorte enda verre enn før. Lange dagar, mishandling og sjukdom pregar arbeidsmiljøet, der born ned i 8 års alderen arbeider. Dette har vore dokumentert både i riksaviser og i NRK.

Å eksportere gass, som blir brukt til å lage megastore batteri, gjev ikkje meining. Norsk gass vert ikkje brukt til camping-propan, om nokon trur det, men brukt til store gasskraftverk som produserer – nettopp straum. Kva er då poenget med Regjeringa sin politikk? Det heile verkar dobbelt-moralskt og utartar seg som eit spel, ein leik. Då kan vi heller plassere gasstankar på fergene. Det er reint og risikofritt. . Konklusjonen må bli at ei lite miljøvenleg batteriferge, – brannfarleg, lite driftssikker, kostbar, vedlikehaldskrevjande, flytande rundt på norske fjordar, det er det siste vi treng i Noreg. Løysinga for Norge er framleis diesel eller gass på våre ferger.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!