Lesarinnlegg:

Vi sit i glashus

Meninger

Ser at også Norsk Kennelklubb vurderer å boikotte Oslofjord Convention Center fordi det religiøse samfunnet Smiths Venner er inne på eigarsida. Kennelklubben skal nemleg arrangere NM i agility i det store forsamlingssenteret 6. og 7. juni, noko mange hundeeigarar ikkje finn å samsvare med Smiths Venner si oppfatning av kjønn og samliv. Mange av konene deira får 10 barn.

Men du sit i glashus, kjære kennelklubb. Samtidig varslar nemleg Dyrebeskyttelsen sak mot kennelklubben fordi dei er med på å dyrke fram hunderasar som er så flate i snuten at dei får problem med pusten.

Eg kjenner ein slik hund. Han heiter King Kong og lyder namnet Kingern. Han bur i Ålesund, av og til i Stavanger. Han reiser med den elektriske ferja ”Ampere” når han fer i mellom. Kingern er ein kompakt, kolsvart klump med flat snute.

Årtusen med avl har trykt dei digre og væskande augene ut mot øyrene. Når du ser på han, får du lett assosiasjonar til Møllers tran. Ein fredsæl kar som sist sommar var med til Valdresflya, der kona har slekt. Vi parkerte nede ved Vinstravatnet og hadde tenkt oss opp på Storenuten (1541 m.o.h.). Bilturen takla han fint, men straks han kom ut i lyngen, fekk han pusteproblem og måtte snu.

Tilbake til Oslofjord Convention Center.

Handballforbundet vil heller ikkje vere der fordi det vil bli oppfatta som at dei identifiserer seg med Smiths Venner sitt syn på kjønn og ekteskap. Det blir vel omtrent som når du går på bedehuset 17. mai for å ete brennsnut, som bedehusforeininga har sørga for; at det kan bli oppfatta som at du identifiserer deg med det bedehuset står for. Ja, eg trur dei fleste vil tenke at du identifiserer deg med bedehuset når du går inn døra der, sjølv om det er 17. mai og du gjer det berre for å få deg eit måltid brennsnut.

Men det er sjølvsagt vanskeleg å unngå at dei tenker at det er bedehuset du identifiserer deg med, sjølv om du går dit for å ete brennsnut. Du må nesten leve med det, og det må gå an å identifisere seg meir med brennsnuten enn med bedehuset.

Men tilbake til dei flatsnuta hundane, dei som aldri får stille opp i NM i agility fordi dei ikkje får nok pust. Kva med dei?

Eg et min potetball på Ishavsmuseet utan å tenke at eg dermed signaliserer identifikasjon til ishavsmiljøet. Men eg har ikkje noko imot det, heller. Eg har aldri vore i Vesterisen, hadde heilt sikkert vorte uggen under overfarten, og eg kan heller ikkje dette med hakapikar. Men eg identifiserer meg klart med potetballen.

Dessutan er Ishavsmuseet ei stifting.