Framstegspartiet er ute av regjering, og ser seg ikkje lenger bundne av Granavolden-plattforma. Det gir ein ny situasjon på Stortinget med rom for nye politiske fleirtal.

Det er naturleg at både Frp og opposisjonen vil nytte seg av denne. Det er likevel ingen grunn til å te seg som ein skulle ha vore invitert på heime-åleine-fest.

Kompromiss som er inngått gjennom meir enn seks år i regjering, lar seg ikkje viske ut. Omkampar som berre blir eit spel for galleriet, er ikkje Stortinget verdig.

Kappløpet om å finne saker der Frp har gått mot sine primærstandpunkt er godt i gang, både blant Frp sine eigne tillitsvalde og i opposisjonen. No skal Frp syne si sanne sjel, og no skal opposisjonen syne Frp sitt sanne andlet.

Regionreforma, rusreforma, nærpolitireforma, bompengeforliket, pelsdyrsaka, vindkraftsatsinga og rovdyrpolitikken er berre ein del av ei lang rekkje saker, forlik og reformer som skal testast på nytt.

SV har ligg no i tet i dette heatet, tett følgt av Senterpartiet. SV har varsla at dei vil sette fram rundt 70 forslag for å teste kva som er muleg å få fleirtal for i den nye situasjonen.

Det er lov å vere optimist, men dette ber mest preg av å vere eit forsøk på å «kle av» Frp sin nye retorikk som frigitt fengselsfugl, langt meir enn skape gode løysingar. Om målet er å synleggjere at Frp kjem til å møte seg sjølv i døra i saker der dei ikkje har fått fullt gjennomslag i regjering, vil det bli rikeleg med høve til det. Det kjem til å skje av seg sjølv, utan at nokon treng å gjere det til eit sirkus.

Kompromiss er ein del av kvardagen i eit fleirpartisystem som det norske. I kampen for primærstandpunkta må partia ofte nøye seg med «det nest beste», eller å gå vidare etter eit tap.

Ingen går i fakkeltog for forlik. Likevel er det forlik og kompromiss som fører oss framover. Vilje og evne til gode kompromiss er vilje og evne til å styre landet.

Korkje Framstegspartiet eller dei andre regjeringspartia kan setje ein strek over det dei har vore med på å vedta, uansett om dei var i regjering eller var støtteparti. Ingen av dei fire har fått berre blanke sigrar, heller ikkje Høgre.

Heller ikkje opposisjonen kan skru klokka seks år tilbake, og starte alt på nytt.

Stortinget kan heilt sikkert klare å sysselsette seg på fulltid med omkampar. Særleg produktivt er det likevel ikkje.

Ein kjem seg ikkje fort framover i revers.