Er vi naive, spør Martin Blom i ein kronikk om korleis vi i ÅRIM handterer avfall. Eg vil svare at vi ikkje er naive lenger. Avfall er ikkje lenger berre søppel som forsvinn når du har kasta det. Vi i Ålesundregionen har forstått at avfall er ein ressurs som skal brukast mange gonger. Vi er på rett veg når det gjeld å utnytte denne ressursen. Samtidig veit vi at det kjem fleire endringar framover.

På veg inn i det nye tiåret tok eg ein kikk på kva innbyggjarane i Ålesundregionen sorterte i fjor. Eg må seie det var oppløftande. Sunnmøringar sorterer avfallet betre enn nokon gong. Kvar person sorterer 65 kilo matavfall, – godt over det vi forventa for eit par år sidan. Dette matavfallet blir til biogass og biogjødsel, noko som erstattar andre produkt som ville gitt større skade på miljøet. Miljørekneskapen er altså positiv. Folk leverer også mykje meir emballasje av glas og metall til sortering enn før – eg meiner mykje meir! Etter at folk fekk eigen dunk ser vi over førti prosent auke. Sorteringa sikrar at materiala kan bli brukt mange gonger. Parallelt ser vi ein tilsvarande nedgang for restavfallet. Dette reduserer utslepp som følgjer forbrenning.

Vi lever godt og har høgt forbruk i Noreg. Sidan femtitalet er forbruket meir enn tredobla. Eg skal ikkje filosofere rundt dei ulike sidene ved forbruk no, men vi som arbeider med gjenvinning veit at om du kjøper eit kjøleskap, så kastar du det gamle. Er det sal på ski, så byttar mange ut sine gamle modellar. Avfallsmengdene følgjer forbruket. Med så stor auke i alt vi kjøper og kastar, må samfunnet også arbeide smartare enn før rundt korleis avfallet blir sortert, henta og utnytta.

For talet på kor mykje avfall vi kvart år har i Noreg er så stort at det er vanskeleg å forstå eller sjå for seg. Forsøk å førestille deg tolv millionar bilar – rundt tolv millionar tonn. Dette er avfallet storsamfunnet skaper. Det seier seg sjølv at vi i fellesskap må sikre at desse mengdene med ressursar må brukast mange gonger, ikkje berre ein gong. Da eg sat med tala for fjoråret var vurderinga mi at innbyggjarane har tatt eit godt steg for å bidra til dette. Svaret til Blom og andre som stiller spørsmål til om endringane er riktige, er at den vedvarande auken i avfallsmengder gjer at kvar og ein må innstille seg på at samfunnet må levere, samle inn, behandle og gjenbruke avfall annleis enn før. Vi er, som Blom også nemner, på veg inn i ein sirkulær økonomi. Etter mi oppfatting har vi berre tatt dei første små stega. Det er i fleire tilfelle meir ord enn handling. Vi må tørre å bli konkrete, dette krev vilje.

Før jul hadde viserektor og miljøprofessor ved NTNU, Annik Magerholm Fet, kronikken «En privatsak og et samfunnsanliggende» i Sunnmørsposten. Ho peika her på at avfall er noko både politikaren, samfunnsplanleggjaren, industrileiaren, forskaren og forbrukaren må, skal og bør vere oppteken av og gjere noko med.

Eg er heilt på linje med Magerholm Fet, som skreiv at fleire har ei rolle. Vi må spele på lag for å skape samfunnsendring. Det er nødvendig å sjå heile «livet» til eit produkt i samanheng, frå det blir produsert, til det blir sortert, henta, gjenvunne, –} og igjen blir råvare til nye produkt. Produkt må vere designa for å seinare bli gjenvunne, og på denne vegen er mange aktørar involvert, både designar, produsent, butikk, kjøpar, og eg sjølv som arbeider med gjenvinning.

Den stadige auken i forbruk – og dermed i avfallsmengder – gir eit for stort press på naturressursane og miljøet vårt. Vi må difor utnytte avfallet som det det er – ressursar og råvarer for nye produkt. Frå aktørar som ÅRIM kjem de difor framover til å sjå at vi vil oppfordre til å tenke større og meir framtidsretta. Selskap som arbeider innan same og tilgrensande fag må jobbe saman for å skape sirkulær økonomi i Ålesundregionen og resten av fylket.

Avfall kan og må utnyttast langt betre enn det blir i dag. Då må vi jobbe saman, og våge å prioritere reelle miljøtiltak i det nye tiåret.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Øystein Solevåg, dagleg leiar i Miljøselskapet ÅRIM