Ho skapte regjeringskrise. Ein kynisk terrorist som pressa regjeringa i kne ved å bruke sitt sjuke barn som pressmiddel. Ho kunne ha sendt barnet heim til Noreg til medisinsk behandling og ikkje insistert på å få vere med.

Slikt kunne ikkje Frp akseptere, og melde seg ut av regjeringa i harnisk over slik ettergivnad overfor ein terrorist som også kom til å sette Noregs si sikkerheit i fare når ho kom heim. Det er den heroiske FrP presenterte som eit alibi for å kome seg ut av regjeringa, og for å skaffe seg eit høveleg «hatobjekt» for den komande valkampen.

Men kanskje kan det like godt forteljast ei anna historie. Om kvinna som meir eller mindre mot sin vilje hamna i IS, som måtte gifte seg både ein og to gonger for å overleve. Som måtte stelle hus og heim for krigarar som sikkert ikkje var av dei mest omsorgsfulle. Som er glad i barna sine, og som vil gjere alt ho kunne både for å hjelpe dei og ikkje bli skilt frå dei.

Kanskje var ho redd for aldri å få sjå dei att om dei blei sendt til Noreg og ho måtte vere attende i flyktningleiren. Kanskje er det ei heilt normal kvinne med dei same kjenslene overfor barna sine som dei fleste mødrer har.

Eg kjenner sjølvsagt ikkje kvinna. Men den siste forteljinga kan vere like sann som den første. Men den passar ikkje inn når Frp skal leve opp sin tradisjon for å demonisere grupper eller enkeltpersonar som eit sentralt innslag i jakta på veljarar.

Så får vi håpe at tida som kjem vil gi eit meir nyansert bilete av kvinna som klarte å velte regjeringa.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!