«Den gylne regelen» slår fast at den psykiske helsetenesta skal ha større vekst enn den somatiske. Helse Midt-Norge legg i Strategi 2030 føringar for å skape ei «fremragende helsetjeneste» – pasienten si helseteneste.

I staden kjem det nye kuttforslag som kan føre til at alderspsykiatrisk sengepost ved Ålesund sjukehus vert lagt ned. Det vil ramme ei av dei svakaste gruppene i samfunnet; personar over 65 år med psykiske lidingar og dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens. Høgare levealder gjer at denne gruppa aukar stadig. Om sengene vert borte, forsvinn ikkje pasientane. Sjølv om mange kan få hjelp ved poliklinikken, treng somme innlegging for å få god behandling over tid. Desse vil få dårlegare tilbod og oppleve at det er vanskelegare å få hjelp og behandling når dei treng det.

Ein er uroleg for at nedskjeringane fører til mindre tid til god og tett oppfølging av pasientane når trykket på spesialisthelsetenesta aukar, og at resultatet vert «billige» og snarlege behandlingsmetodar med auka medisinering. For at kommunane skal kunne ta hand om desse pasientane og følgje dei opp på ein god måte, er dei avhengige av at pasientane vert diagnostisert. Dei må også få råd under oppfølginga og såleis ha vidare samarbeid med spesialisthelsetenesta. Vert det for vanskeleg å handtere pasientane, og det ikkje er hjelp å få, kan vegen til sløvande medisin verte kort. Eit uverdig tilbod til ei sårbar gruppe.

Nedlegginga av sengeposten vil også medføre konsekvens for pårørande som har sine nære heime. Mange pårørande er slitne og kjenner seg makteslause. Kutt av sengepostane kan føre til at meir ansvar og arbeid vert lagt på pårørande med følgene det kan få.

Forslaget om nedlegging av alderspsykiatrisk sengepost er ei ny nedtrapping og står i sterk kontrast til lovnaden om styrking av psykisk helseteneste. Ein fryktar det går ut over kvaliteten og pasientsikkerheita; eit svik pasienten og dei pårørande må betale prisen for.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!